Hopp til innhold

Slit med skyhøge dieselprisar

Den norske lastebilnæringa har store utfordringar. Dyrare diesel gjer at mange verksemder går eit tøft år i møte.

Per Andreas Øren

TØFT ÅR: Dagleg leiar Per Andreas Øren, i Øren Transport i Høyanger seier det blir vanskeleg å gå i pluss i 2011. Dyr diesel gjer stort innhogg i budsjettet.

Foto: Silje Guddal / NRK

- Slik råoljeprisen er i ferd med å utvikle seg, så ser vi ein vekst på opp mot 7 prosent i driftskostnadar for våre medlemsverksemder, seier Ivar Goderstad i Norges Lastebileigarforbund.

Berre sidan desember har prisen på diesel gått opp med 57 øre literen. For lastebilnæringa utgjer dette store summar.

- Det blir tøft å klare å gå i pluss for 2011, seier dagleg leiar, Per Andreas Øren i Øren Transport i Høyanger.

Dyr diesel gjer innhogg i budsjetta

Etter at finanskrisa herja som verst i 2008 og 2009 har ikkje lastebilnæringa kome seg opp att på nivået dei låg på før krisa.

På veg tilbake opplever dei no ein stor auke i oljeprisen. Når dieselen vert nær 60 øre dyrare per liter gjer det store innhogg på allereie strame budsjett.

- Tusenlappane går fort når ein fyller opp 600 liter diesel på eit vogntog, til ein literpris på over 13 kroner, seier Øren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øren Transport
Foto: Silje Guddal / NRK

Kan gå på ein smell

Næringa arbeider med svært små driftsmarginar. Sidan 2007 har mengda gods minka med 10 prosent, og det same har omsetninga.

Mange verksemder har allereie skrive kontraktar for det nye året, og prisauken på diesel kan føre til at mange går på ein smell, fortel Øren.

- Dersom ein ikkje har lagt inn ein slags klausul i kontrakten, slik at ein kan regulere kostnadane på diesel, så kan det blir katastrofalt, forklarar Øren.

Krev nye avgiftsreglar

Ivar Goderstad

VIL HA NYTT SYSTEM: Ivar Goderstad og Norges Lastebileigarforbund ber styresmaktene om å setje ned avgiftene når råoljeprisen går opp.

Foto: Norges Lastebileigarforbund

For norske lastebilfirma utgjer dieselkostnadane vel 30 prosent av utgiftene. Den uføreseielege prisen på diesel som næringa no opplever er tøff.

- Situasjonen er veldig vanskeleg, seier Goderstad som er transportøkonom i Lastebileigarforbundet.

Dei krev no at styresmaktene endrar avgiftsreglane for å skåne næringa mot dei store svingingane i oljeprisen.

- Det vi ønskjer er eit system der avgiftene på diesel går ned når oljeprisen aukar, seier Goderstad.

Men så langt har ikkje styresmaktene vore villig til å gå med på dette.

Verken Finansdepartementet eller dei to avgiftspolitiske talspersonane i Arbeidarpartiet på Stortinget har vore tilgjengeleg for å kommentere krava frå Norges Lastebileigarforbund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dieselpumpe

DYRT: Det er dyre dråpar lastebilnæringa må fylle på dieselpumpene.

Foto: Silje Guddal / NRK

- 2011 blir endå eit tøft år for næringa

Mange transportverksemder har endå ikkje klar rekneskapen for 2010. Etter ein tøff vinter håpar Øren å gå så vidt i pluss.

- Det har blitt mange ekstrautgifter denne vinteren. Det har gått med mykje kjettingar, mykje dekk, og som sagt vesentleg mykje meir pengar til diesel, seier Øren.

Og prisauken på diesel gjer at Øren ikkje ser lyst på 2011.

- Dersom dieselprisen fortsetter å gå opp, så vert det veldig tøft. Slik det ser ut nok, blir det vanskeleg å gå i pluss, seier Øren.