Hopp til innhold

Her har dei oppretta eiga stilling for å rekruttere nye bebuarar: – Veit det er litt merkeleg

Skal delta på rekrutteringsmesser samt formidle gode historier og informasjon om kommunen.

Thomas Norheim Moen

AKTIV SØKEN: Årdal kommune slit tungt med å rekruttere nye innbyggjarar. No går Thomas Norheim Moen (Sp) og kommunestyret aktivt til verks for å snu på trenden.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Eg veit det er litt merkeleg, men eg har trua, seier kommunestyremedlem Thomas Norheim Moen (Sp) i Årdal.

Kommunen har nemleg lyst ut ein fulltidsstilling dedikert til å «headhunte» nye bebuarar til bygda.

Dermed føyer kommunen seg inn i ei lang rekkje av kommunar i Distrikts-Noreg, som må gå aktivt til verks for å motkjempe nedstigande bebuartal.

Må leite

Som omtalt først i Sogn Avis, er det utfordrande tider for den vesle kommunen inst i Sogn med rett i overkant av 5000 innbyggjarar. Som mange andre kommunar i Distrikts-Noreg, slit dei med å rekruttere unge til å busetje seg. Dei siste åra har i tillegg innbyggjartalet krympa med hundrevis av innbyggjarar. No blinkar varsellampane raudt.

– Me må gå vere aktive dersom me skal klare å snu trenden, seier Moen.

I stillingsutlysinga til den noko spesielle jobben står det mellom anna at vedkommande skal delta på rekrutteringsmesser, samt formidle gode historier og informasjon om kommunen. Moen håpar dette vil gje utslag.

– Me har jo hatt førespurnader frå folk andre stader som ønsker å busetje seg på plassar som Årdal, som er lei av storbyen. Det er dei me må finne, seier han.

Får fest når dei kjem til bygda

Kommunen er langt ifrå den einaste som må tenkje kreativt for å lokke til seg nye innbyggjarar. I Kolset i Bremanger ville dei i fjor mellom anna la tilflyttarar prøvebu gratis i eit år. Kommunen ville også tilby 200.000 kroner til dei som ville byggje seg ny bustad i området.

Fleire familiar har tatt kontakt for å prøvebu der no.

Også Vang kommune i Valdres har vore aktive. I 2016 lyste kommunen ut 100 stillingar samstundes, med stor suksess.

Ordførar Vidar Eltun i Vang kommune.

POSITIV: Ordførar Vidar Eltun er svært positiv til tiltak som kan gjere det meir attraktivt å bu på bygda. – Den store utfordringa er å få unge til å busetje seg, seier han.

Foto: PRIVAT

– Det gav gode resultat, men løyste ikkje det største problemet, nemleg at svært få vert fødde inn i kommunen, seier ordførar Vidar Eltun.

No har dei ei rekke nye tiltak som dei håper skal hjelpe. Til dømes får nye tilflyttarar sin eigen fest når dei kjem til kommunen.

– Alle i bygda vert inviterte, men dei som nyleg har flytta hit vert spesielt inviterte og får påspandert mat av kommunen. Så legg ein opp til samtalar i løpet av kvelden, der alle vert presenterte, seier han.

Fredagskos i Vang.

FREDAGSKOS: Som eit av tiltaka for å gjere det meir attraktivt å flytte til Vang kommune, vert nye innbyggjarar påspandert middag og fest gjennom konseptet «fredagskos».

Foto: Hallgrim Rogn

Åtvarar

Forskar Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research Centre fortel at det slett ikkje er uvanleg for kommunar å gjere tiltak for å få nye bebuarar til bygda.
– For nokre år sidan hadde me ei undersøking for alle distriktskommunane i landet. Då viste det seg at 80 prosent dreiv med ei eller anna form for tilflyttingsarbeid. Me veit at dei har hatt liknande tiltak som Årdal skal ha no i til dømes Rjukan, Rauma og Vest-Telemark.

Gro Marit Grimsrud

ÅTVARAR: Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research Center fryktar jobben mange rekrutteringskontor utfører rundt om i landet kan ha motsett effekt.

Foto: Odd Iversen / NRK

Grimsrud har tidlegare åtvara mot å drive openlyst frieri for å få unge til å busetje seg på bygda. Ho er også usikker på kor mykje desse tiltaka har hjelpt for innbyggjartala generelt i småkommunane.

– Det er vanskeleg å seie for det er vanskeleg å måle slikt. Det kan også verke mot si hensikt for du signaliserer jo at det er eit samfunn på veg ned.

Håp

Moen håpar likevel at fleire no vil få augo opp for den vesle industrikommunen inst i Sognefjorden.

– Me ser jo at det me har å tilby kan vere attraktivt for folk utanfor. Me er kjent for industrien, men me er jo så mykje meir, til dømes fjell, fjord og natur generelt. Så me har absolutt trua på at dette prosjektet vil gje avkastning, seier han.

Øvre Årdal

FLYTTE HIT?: Moen har tura på at den nye stillinga vil gjere at fleire ønskjer å busetje seg mellom fjord og fjell i Årdal.

Foto: VERI Media