Hopp til innhold

«Eg såg for meg rullestol då eg fór nedover»

Paal Rune Flatjord (55) berre gå ein heilt vanleg tur med hunden. Men då han skulle berge ein sau, vart det ein kamp for å redde seg sjølv. Han sklei, og fór livredd og i smerte 100 meter gjennom eit stryk i elva.

Paal Rune Flatjord i sjukesenga

PÅ SJUKEHUS: Paal Rune Flatjord i trygge omgjevnader, dagen etter dramaet i elva.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Onsdag vart det slått full alarm etter melding om at ein mann hadde falle i Veitebergselva i Stardalen i Jølster. Politi, brannvesen, ambulanse, redningsdykkarar, og tre helikopter rykte ut.

Og mannen dei skulle redde var Paal Rune Flatjord.

– Det sa berre «poff»

– Eg og hunden skulle køyre nokre sauer som hadde kome seg ned på innmarksbeitet, og få dei opp att i utmark, seier Flatjord.

Men så oppdaga han ein siste sau, som stod att på elvekanten. Han gjekk ned for å få sauen med seg. Då gjorde sauen eit forsøk på å kome seg over elva. Flatjord gjekk eit par steg til sida for å møte sauen, som elles ville ha blitt teken av elva.

– Eg stod på heilt blankt berg ved elvekanten. Og der sa det berre «poff», og så forsvann føtene under meg.

Han hamna i elva, og hadde ikkje sjanse til å stogge. Han vart kasta nedover eit godt stykke, før han greidde å stogge.

– Men før eg kom meg på beina, samla det seg vatn bak kroppen min, omtrent som ei vass-sklie. Så berre skaut eg av garde på nytt nedover. Det gjekk rimeleg heftig for seg nedover ei stund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Paal Rune Flatjord

FRAKTA VEKK: Her vert Paal Rune Flatjord frakta vekk etter ulukka, ei ulukke som kunne enda så mykje, mykje verre, seier Flatjord.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Såg for meg rullestolen

Flatjord har allereie hatt plager i ryggen i mange år etter tidlegare uhell.

– Eg kjente jo når eg fór nedover, langs små avsatsar i elva, at det skar til i ryggen. Eg var livredd for at no skulle eg verkeleg gjere det heilt store. Eg såg vel eigentleg for meg ein rullestol.

Plutseleg trefte han eit berg, og greidde å halde seg fast.

– Eg låg der og kjente etter: Har eg kjensler her? Har eg kjensler der?

Utruleg nok har han ein vasstett mobiltelefon, som han med store smerter greidde fiske opp av lomma, og ringje etter hjelp. Men problema var ikkje over for 55-åringen.

– Problemet var at sjølv om mobiltelefonen er vasstett så ryk jo høgtalaren når eg kjem i vatn. Og det var eit skikkeleg elvesus også, så det var ikkje så lett. Eg har nok tru på at frustrasjonen var ganske høg, både hjå meg og han som sat på AMK. Vi høyrde kvarandre ikkje.

Men til slutt fekk eit Airlift-helikopter lokalisert mannen og då kom hjelpa.

– Det var godt å sjå Sea Kingen kome over tretoppane. Det gjorde godt, understrekar Flatjord.

(Artikkelen held fram under biletet)

Paal Rune Flatjord (55) skulle berre gå ein heilt vanleg tur med hunden. Men då han skulle berge ein sau, vart det ein kamp for å redde seg sjølv. Han sklei, og fór livredd og i smerte 100 meter gjennom eit stryk i elva.

Sjå den sterke videoen der Flatjord fortel om hendinga.

Ingen søvn: plutseleg er han tilbake i elva

Torsdag morgon ligg han moderat skadd på intensivavdelinga på Førde sentralsjukehus, ifølgje ei pressemelding frå AMK. Flatjord sjølv seier han har mykje smertestillande i kroppen no, for å halde ut smertene.

– Eg verkjer skikkeleg. Eg er skikkeleg mørbanka. Men eg har ikkje eit einaste brot i kroppen, heilt utruleg nok. Eg er blå og forslegen.

– Du fall nesten hundre meter i nedover stryka og overlevde: kva tenkjer du om det?

– Eg veit ikkje om eg treng levere lotto på ei stund! Eg har vel gjerne ikkje så mykje flaks att, eg veit ikkje.

Og søvn har det blitt lite av. For med ein gong han slappar av, er han tilbake der det heldt på å gå frykteleg gale.

– Eg har ikkje sove i det heile teke i natt. Eg har lukka auga og prøvd, og så dett eg nedover elva att, og så bråvaknar eg. Eg har ikkje sove i det heile teke.

For det kunne gått så mykje verre.

– Ja, dette var hell i uhell. Eg skulle ikkje ha fare så mykje lenger før eg hadde gått inn i ein hammar, med eit ganske høgt dropp ned på store steinar, seier han og held fram.

– Hadde det skjedd ville eg ville sannsynlegvis ikkje vore her og fortalt om det.