Hopp til innhold

Slike laksegarn kan gi fem år i fengsel: – Det er tjuveri frå fellesskapet

3500 meter med garn er tatt opp og 25 personar er politimelde for ulovleg fiske så langt i år. Naturoppsynet kallar omfanget uakseptabelt høgt.

Politiet drar opp ulovleg laksegarn i Austevoll

ULOVLEG LAKSEGARN: Politibetjent dreg opp eit ulovleg garn utanfor Austevoll tidlegare i sommar. Det er ingen teikn til nedgang i ulovleg laksefiske, trass strengare straffar.

Foto: Anders Voss Thingnes / Statens naturoppsyn

– Der inne ligg det ein båt. Det ser ut som han fiskar med garn.

Oppsynsmann Anders Voss Thingnes styrer båten mot ei vik i Øygarden. Om bord er også Jon Atle Georgsen i Økokrim.

Dei er på jakt etter farlege hindringar for laksen, som no er på veg frå havet og inn i norske elver for å gyte.

Det er ulovlege garn dei speidar etter. Plassert mellom odder og viker, midt i vandreleia til dei sårbare laksestammene.

Nedslåande mykje ulovleg fiske

Etter ein kjapp prat blir det klart at fiskaren inne i vika har alt på stell. Men aksjonane til Statens naturoppsyn og Økokrim har så langt i sommar vore nedslåande:

  • 120 ulovlege garn med ei totallengd på 3.500 meter er tatt opp.
  • 25 personar er meld til politiet.

Vestland fylke peikar seg ut som ein versting. Med 31 garnbeslag er det fylket med mest ulovleg fiske så langt i år. Det er ingen teikn til nedgang samanlikna med fjoråret.

– Omfanget er på eit uakseptabelt høgt nivå. Dette er tjuveri frå fellesskapet som kan få store konsekvensar for laksestammene, seier seksjonsleiar Arnstein Johnsen i Statens naturoppsyn.

Oppsynsmann Anders Voss Thingnes i Statens naturoppsyn.

PÅ UTKIKK: Oppsynsmann Anders Voss Thingnes ser etter ulovlege garn langs kysten av Vestlandet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Prøver å skjule garna

Dei ulovlege garna tek altså fisk som skal opp i sårbare vassdrag for å gyte. I Vestland fylke er fleire vassdrag også stengd for fiske, fordi gytebestandane ikkje er store nok.

Denne veka har Naturoppsynet og Økokrim aksjonert langs kysten av fylket:

  • Tysdag tok dei opp eit 30 meter langt ulovleg garn i Hyllestad. Garnet hadde svartmåla blåser, for å prøva å gjera det mindre synleg i vassoverflata.
  • Torsdag kveld drog dei opp eit 210 meter langt garn utanfor Kråkenes i Kinn kommune. Det var sju garn som var lenka saman.
  • Torsdag kveld tok dei også opp eit garn ved Osterøy. Det stod i innvandringsruta til elvene Vosso og Ekso. Begge er stengd for laksefiske grunna låg bestand.
210 meter langt garn ved Kråkenes i Kinn kommune

210 METER: Sju garn lenka saman til eitt på 210 meter lengd. Dette vart inndratt utanfor Kråkenes i Kinn kommune torsdag kveld.

Foto: Statens naturoppsyn

Oppsynsmannen er uroa.

– Set ein laksegarn på strategiske plassar kan det gjera stor skade. Om ein berre tek tre fisk av ein bestand på 20 gytelakser, er det likevel ein stor prosentdel. Og vi ser at det blir fiska på dei same plassane, år etter år, seier Thingnes oppgitt.

– Det er nokon som skal tvihalde på fisket dei gjorde før, då bestandane var større. Det går ikkje lenger.

Statens naturoppsyn fann eit ulovleg laksegarn i Hyllestad tysdag 29.juni 2021.

FANGA: Statens naturoppsyn fann eit ulovleg laksegarn i Hyllestad. I garnet var det også ein sjøaure.

Strengare straff

Naturoppsynet og Økokrim aksjonerer no på Vestlandet. Styresmaktene vil ha slutt på det ulovlege fisket.

Straffa for brot på lakse- og innlandsfiskelova vart skjerpa frå 1. juli 2020.

No kan fiskarar risikere fem år fengsel, om beslaget er stort eller det blir avdekka økonomisk vinning pga. vidaresal av laksefangsten.

– Forhold som tidlegare fekk bot som reaksjon, kan no risikere fengsselstraff. Dette er alvorleg miljøkriminalitet, seier politioverbetjent Jon Atle Georgsen i Økokrim.

Regelen i gamle Sogn og Fjordane er at garna skal stå minst tre meter under havoverflata. Det same gjeld garn med stor maskevidd i gamle Hordaland.

– Garna vi finn er ofte sett heilt oppe i vassoverflata, nettopp for å ta laks og sjøaure. Nokre av garna har ein storleik og ei maskevidd som er eigna til å ta større mengder laks. Det tyder på at fisket er økonomisk motivert, seier Johnsen i Naturoppsynet.

Privatpersonar kan tipse Naturoppsynet om ulovlege garn ved å melde frå på nettsidene deira.