Førre veke gjorde fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane eit prinsippvedtak om at dei vil gi bort store deler av eigarposten i Sogn og Fjordane Energi (SFE) til kommunane.
Vedtaket om å gi kraftaksjane til kommunane har vekt sterke reaksjonar i Hordaland.
– Alle skal få
NRK har spurt ordførarane i Sogn og Fjordane om korleis dei meiner ei eventuell fordeling bør skje. Blant dei som har svart, meiner fleirtalet at alle kommunane bør få av SFE-aksjane. Dette gjeld ordførarane i Stryn, Jølster, Solund, Vågsøy, Gaular, Sogndal, Leikanger, Hyllestad, Årdal, Gulen, Lærdal, Vik og Askvoll.
Bremanger-ordførar Audun-Åge Røys (H) er av ei anna oppfatning. Bremanger er ein av dei sju eigarkommunane i SFE.
– Aksjane bør fordelast til dei kommunane som allereie er aksjeeigarar i SFE, og i høve deira eigardel i dag, meiner han.
VIL HA PENGANE SJØLVE: Bremanger-ordførar Audun-Åge Røys (H) meiner det er eigarkommunane i SFE som bør få aksjar.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK– Desse kommunane har vore langsiktige eigarar og dermed bidrege til stabilitet og verdiauke i SFE. Samstundes må ein hugse på at det ikkje er utan risiko å vere aksjeeigar, men så lenge ein har eit langsiktig perspektiv vil det som regel løne seg.
«Look to Trøndelag»
I Gloppen meiner Sp-ordførar Leidulf Gloppestad ein bør vende blikket til Trøndelag for inspirasjon.
TRØNDELAGSMODELLEN: Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) har tru på ein delt modell, der eigarkommunane skal ha nokre fordelar.
Foto: Silje Guddal / NRK– Vi bør sjå mot ein modell som liknar den dei brukte i Trøndelag, med ein del som blir delt ut til kommunane etter folketal og ein del som går til eigarkommunane.
I Selje meiner også ordførar Stein Robert Osdal (KrF) det bør skiljast litt på kommunane.
– Eg meiner alle kommunane i Sogn og Fjordane må få desse aksjane minus Hornindal som går ut av dagens Sogn og Fjordane og inn i Møre og Romsdal, skriv Osdal.
Dette synet deler Askvoll-ordførar Ole Andre Klausen (H).
– Bruk folketal
FOLKETALSFORDELING: Sp-ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad meiner folketal kan vere ein faktor i ei eventuell fordeling.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKBlant dei som meiner «alle skal få» synest nokre ordførarar fordelinga bør vere lik, mens andre tek til orde for at folketal kan vere ein fordelingsnøkkel.
Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp):
– Modellane må ta inn i seg at kommunane er ulike. Men på same tid har vi lang tradisjon på å fordele kostnader som går på eit fast beløp per kommune, resten ut frå innbyggjartal. Det kan vere ein måte å gjere det på, seier ho.
– Ingen debatt
VIL IKKJE DEBATTERE: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) seier det er for tidleg å ta debatten om fordelinga av aksjane.
Foto: Leif Rune Løland / NRKFylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), understrekar at dei ikkje har starta ein fordelingsdebatt.
– Fylkestinget har ikkje sagt noko om korleis aksjane eventuelt skal fordelast til kommunane. Fylkestinget har berre gjort eit prinsippvedtak.