Hopp til innhold

Slik vil Jannicke og familien helst nytte ferien

ULLSHEIM (NRK): Er du blant dei som har kribla i beina etter å kome i gang med skisesongen, slik som Jannicke Hagen? No har du sjansen, for fleire stader i fylket vert det meldt om gode forhold.

Skiløypene på Ullsheim i Stryn

NYT VINTERVÊRET: Jannicke, Jesper, Samuel og Lukas er alle glade i å gå på ski. Måndag var heile familien på plass på Ullsheim i Stryn for å teste ut langrennsløypene.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Måndag skein ei etterlengta sol over skiløypene på Ullsheim i Stryn. Medan snøkanonen bles ut endå meir snø enn det som allereie er kome kunne folk knapt vente med å spenne på seg langrennsskia.

Blant dei mange som brukte måndagen til ein skitur var Jannicke Hagen og familien hennar.

– Vi er veldig glade i å gå på ski. Det er ein aktivitet der vi tek med heile familien. To vaksne og fem barn på tur ute i naturen, det kan ikkje bli flottare, seier ho.

Toler ikkje mykje mildvêr

Løypesjef Arvid Hatledal kunne vere godt nøgd med gleda løypene gav til dei besøkjande.

No håpar han at kulda held seg litt til, slik at folk kan nyte den nesten tre mil lange løypa som er køyrd opp.

– Det er nok snø til at vi har fått til løypene vi skal bruke. Vi toler ikkje så mykje mildvêr nett no, men det er flott slik det presenterer seg no. Innpå fjellet er det bra med snø, nesten 70–80 centimeter, så der er det flotte tilhøve, seier Hatledal.

Arvid Hatledal og Sigbjørn Fænn

GODE FORHOLD: Løypeansvarleg Arvid Hatledal (til venstre) og Sigbjørn Fænn har ansvar for snøproduksjonen på Ullsheim.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Fleire tilreisande i Sogndal

Men skiløypene på Ullsheim er ikkje dei einaste der folk har sjansen til å spenne på seg ski. Dei største skisentera i Sogn og Fjordane er opne, eller i ferd med å opne.

Ved Sogndal Skisenter i Hodlekve har dei ope heile romjula. På dei største dagane har dei i gjennomsnitt hatt 400–500 gjestar, og langt fleire tilreisande enn tidlegare.

– Forholda er veldig flotte og vi har mange løyper preparert for alpint, seier dagleg leiar Cecilie Grendahl.

Og også dei kan tilby langrennsløyper for dei som ønskjer det.

– I natt fekk vi endeleg preppa opp 10 kilometer i langrennsløypa. Vi har også preparert oppover mot Røde Kors-boksen.

Status for nokre av skisentera

Jølster skisenter lagar framleis snø og vil gjere det fram til dei opnar i morgon klokka 10.30.

Harpefossen skisenter i Eid har dei fått 30 centimeter nysnø ved heisstasjonen på Furuhogane. Der har dei opna heisen opp til mast nummer seks. Postvegen og delar av lysløypa er preparert med traktor og rull.

Sogn Skisenter på Heggmyrane i Luster har ope fram til 30. desember, og frå 1. til 3. januar.

Også Hornindal skisenter byr på moglegheiter for skientusiastar. Senteret har vore ope i fem dagar og no er halve trekket ope. Det vert også heldt ope tysdag, men det er vêret som styrer kor lenge dei klarar å halde ope.

Tyin-Filefjell har også ope.

Det er likevel ikkje så mykje snø som det var på same tid i fjor: