Hopp til innhold

Slik vil ho styre kommunen

Tidlegare statssekretær gir uttrykket «under bordet» ei ny meining.

Marit Elisebet Totland

Dårleg rygg stoppar ikkje Marit Elisebet Totland (KrF).

Foto: Arne Lindeflaten/Kvinnheringen

– Dei fyrste gongane var det litt spesielt. Folk kikka og lurte på om eg var spesielt dårleg den dagen. Men så fekk dei svar på kvifor eg låg der, og såg at eg likevel tok ordet og fulgte med, og då vart det ikkje meir spørsmål om det.

Marit Elisebet Totland vil bli ordførar i Kvinnherad. Men KrF-politikaren er ikkje heilt som alle andre, kan ein lese i Bergens tidende. Om ein tek turen til eit kommunestyremøte i kommunen, skal ein ikkje verte overraska om ein brått høyrer stemma hennar frå golvet bak eit bord.

– No har eg lagt på golvet i vel tre år, og har funne ei form som gjer at eg kan møte på alle møta og delta i debattane. Og det har vore greit, seier den tidlegare statssekretæren til NRK.

Smerter inga hindring

Men det er ikkje latskap som gjer det. Ordførarkandidaten har vore arbeidsufør i seks år etter ei rekkje ryggoperasjonar. Men det stoppar ikkje ein samfunnsengasjert borgar.

– No er ryggen blitt meir stabil, og det er ikkje lenger fare for noko akutt. Dersom eg byrjer møtet med å sitte ein time og to, er dagen øydelagt. Men dersom eg ligg frå starten av, kan eg delta heile vegen, seier Totland.

LES ÒG: Sju prosent som er i jobb regner med å bli uføre | 20 prosent flere uføre på ti år

Fint å kunne inspirere

I tillegg til ryggsmerter hadde ho lenge problem med å konsentrere seg grunna påkjenningane med operasjonane. Men det har òg blitt betre.

– Så når eg seier at hovudet fungerer, så meinar eg at tankane er tilbake igjen. Om veljarane er einige i mine tankar er ein heilt annan sak.

– Er du eit førebilete?

– Eg har fått høyre at det at eg møter liggjande på matta mi, ikkje berre på kommunestyret, men til andre møter òg, gjer at folk tørr seie at dei har nokre spesielle behov, og likevel ønskjer å delta i samfunnet. Det var ikkje mitt utgangspunkt å vera eit forbilde, men det er jo fint om det er slik at eg kan oppmuntre andre.

LES ÒG: Kutter støtte til eldre og uføre

Treng berre enkel tilretteleggjing

Med dårleg rygg, inrømmer ho at det vil vera nokre begrensningar.

– Ja, men det er ikkje så mange som vil synast, for eg ligg jo ikkje heile tida. Når eg ligg på kommunestyret, er det jo fordi møtet varar i fem-seks timar. Men er ein på kontoret, kan ein leggje seg ned mellom slaga, seier ho.

Med enkel tilretteleggjing trur ho ordførarvervet fint kan gjennomførast.

– På dårlege dagar vil eg nok trenge litt hjelp til å skrive på data, eg køyrer ikkje bil langt sjølv, eg ønskjer ikkje å vera i full stilling, men dele jobben med ein varaordførar og det vert nok litt mindre representasjon enn den noværande ordføraren klarar. Men eg vil fokusere på det politiske arbeidet. Der ser eg ikkje begrensningar, avsluttar ho.