Hopp til innhold

Slik vil Frank Løke sykle 430 kilometer rundt Jotunheimen

Handballspelar og Farmen-kjendis Frank Løke har ingen planar om å kle godt på seg når han i morgon legg ut på eit av Noregs tøffaste sykkelritt.

Slik vil Frank Løke sykle Jotunheimen Rundt

TYNNKLEDD: Frank Løke fryktar at han kan bli sår i baken av å sykle Jotunheimen rundt på denne måten.

Foto: Instagram / @actionfrankloke

Jotunheimen Rundt er 430 kilometer langt og går over tre fjellovergangar og samlar kvart år fleire hundre av dei tøffaste sykkelryttarane i Noreg. Vanlegvis kledd og utstyrt for både kulde, uvêr og vern mot gnagsår på unemnelege stadar på kroppen.

Det har tydelegvis ikkje Frank «Actionfrank» Løke tenkt så mykje på. I sosiale medium varslar han no at dersom han får 10.000 likes, så skal han sykle i ei Rudolf-inspirert «Borat-drakt», med tilhøyrande øyrer og horn!

Fryktar sår bakende

– Om eg får 10.000 likes så kjem eg og Rudolf til å sykle over heile Jotunheimen. Den drakta dekkjer nesten ingenting og den sit ikkje akkurat stramt på kroppen når eg sit på sykkelsetet, seier Løke til NRK.

Han innser at deler av kroppen kan bli sterkt råka av sårheit i løpet av turen, men etter å ha sprunge maraton i Bergen i tilsvarande drakt, meiner han at bør gå bra.

– Eg er laga av betong og er sterk i hovudet, så eg trur det skal gå bra. Men eg fryktar at eg skal få ein veldig sår bak etter 16–17 timar på det sykkelsetet. Det kjem til å gjere vondt. Men eg elskar smerte og blir motivert av det.

Torsdag kveld er målet om 10.000 likes nådd, og Løke lovar no å fullføre løpet i Rudolf-drakta.

– Dette vert eit helvete. Har gjort mykje dumt, men mogleg dette er det dummaste, skriv han på Instagram, før han takkar alle som har likt innlegget.

Frank Løke

MARATON-FRANK: Den kjende handballspelaren Frank Løke stilte slik kledd då han sprang Bergen City Maraton nyleg.

Foto: Instagram/Frank Løke

– Håpar han slepp

Rittleiar Solveig Nordengen i Jotunheimen Rundt har sans for stuntet til Løke, men ho er snar med på peike på at dette er eit ritt med store utfordringar for ryttarane. 4600 høgdemeter er ikkje for pyser.

– Dette er absolutt veldig morosamt, men eg vonar for hans del at han slepp å sykle slik, men det skapar jo engasjement. Honnør til han for det, men samstundes er jo dette eit turritt. Så det er jo den vanlege ryttaren vi rettar oss mot i utgangspunktet.

Jotunheimen Rundt

GODT KLEDDE: Kvart år syklar om lag 600 syklistar Jotunheimen rundt. Dei fleste er langt betre kledde enn kva Frank Løke risikerer å vere i morgon.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK