Hopp til innhold

Nytt landbasert oppdrettsanlegg vil skape ti nye arbeidsplassar på Bulandet

Bulandet Miljøfisk AS har fått konsesjon til å byggje eit landbasert lakseanlegg på Bulandet i Askvoll kommune. No manglar berre finansieringa.

Bulandet miljøfisk i Askvoll

PÅ LAND; Slik vil anlegget sjå ut når det er ferdig utbygga.

– Det å få konsesjonane har vore det viktigaste. No skal vi jobba med å henta inn finansiering og håpar å ha det på plass innan eit par månadar, seier prosjektleiar Ola Sveen i Bulandet Miljøfisk AS.

Det nyoppretta firmaet har fått fem konsesjonar. Det gjev løyve til å produsera om lag 5000 tonn med laks og aure i året.

Fordelar på land

I juli i fjor vart søknaden sendt inn og onsdag fekk dei grønt lys til å bygga ut.

– Kommunen har vore veldig hjelpsame og vi har fått gode tilbakemeldingar på planane, seier Sveen.

Ola Sveen

Prosjektleiar Ola Sveen i Bulandet Miljøfisk AS.

Foto: Svanøy Havbruk AS

Anlegget dei skal bygga er landbasert. Det vil seie at det naturleg nok ligg på land og ikkje i open sjø, som mange andre oppdrettsanlegg. Det har sine fordelar.

– Det vert enklare å justera temperaturen og er det lettare å unngå lakselus, seier Sveen.

For anlegget vil ta inn vatn frå ei sida av fjorden, og før det vert slept ut att vil det gå gjennom ein prosess som reinsar ut det meste av forureininga.

Oppstart i haust

Målet er å starta bygging alt i haust og at anlegget skal etter planen står ferdig til seinsommaren neste år.

– Når vi er i full drift vil det skapa om lag 10 arbeidsplassar. Det håpar vi er positivt for Bulandet, seier Sveen.

Laks og aure på 100–150 gram vil bli sett inn i anlegget og der vil dei vera til dei er slakteklare.