Hopp til innhold

Slik vaskar du dekka dine rett

Skitne dekk kan bli livsfarlege i møtet med nysnø. Men skal du vaske dekka bør du gjere det rett, oppmodar dekkforhandlar.

Bildekk

VASK DEI RETT: Skitne dekk kan vere farlege på nysnø, men skal du vaske dei bør du gjere det rett, oppmodar bilforhandlar.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

- Dersom ein vaskar dekka med sterke avfettingsmiddel kan også det gjere dekka ubrukelege på sikt, seier salssjef Ståle Kvammen ved Førde Vulk.

Uvaska vinterdekk kan vere farlege

Vegskit kan utgjere ein risiko for bilistar på vinterføre. Dekka vert fort tilgrisa av mellom anna salt, sand og eksos.

Køyrer du med slike dekk på nysnø kan ein oppleve at dekka er både sleipe og glatte.

- Det kan vere farleg i ein naudsituasjon, der du skal stoppe veldig fort og treng minst mogleg stopplengde, åtvarar Geir Ove Åsebø ved Vest Auto på Nordfjordeid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dekk i snø

PROBLEM: Mange trur dekka deira har blitt dårlege, men ofte er det berre eit lag med skit som gjer dekka sleipe på snøføre.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Vasking er ikkje berre enkelt

Både bilforhandlaren og Statens vegvesen oppmodar difor folk om å vaske dekka sine vinterstid. Men det er ikkje berre, berre.

- Ein del vaskemiddel fungerer slik at dekka blir reine der og då. Men brukar ein slike middel gong på gong, så vil det gå utover kvaliteten på dekka, seier Kvammen.

Han seier dei fleste avfettingsmidlane som folk kan kjøpe på til dømes bensinstasjonar inneheld sterke kjemikaliar.

Dersom ein vaskar dekka med slike middel fleire gonger øydelegg det gummien i dekket.

- Det fører til at gummien på dekket tørkar ut og vert hardare. Dess hardare eit dekk er dess dårlegare veggrep vil det få, forklarar Kvammen.

Det enkle er ofte det beste

Zalo

LETT: Bland Zalo med lunka vatn, så har du den perfekte blandinga for å vaske skitne vinterdekk.

Han oppmodar difor folk om å blande sitt eige vaskemiddel. For det enkle er i dette tilfellet det beste.

- Ei kraftig blanding med Zalo i lunka vatn passar perfekt til å vaske dekk. Lagar ein det til på ei spruteflaske så går det fort, seier Kvammen til NRK.

Kvammen har ikkje noko fasit på blandingsforholdet, men seier at vel ei middagsskei med Zalo må til på ein liter med vatn.

- Viss folk vil ta seg tid til å vaske vekk skit frå dekka sine, kan dei og ta seg tid til å lage denne blandinga sjølv, seier Kvammen.