Hopp til innhold

Slik var politi-natta

Første laurdagsnatta etter ferie og skulestart vart roleg for politiet i Sogn og Fjordane. Nokre rusa personar heldt likevel ordensmakta i arbeid.

Politihuset i Florø

Sogn og Fjordane politidistrikt, politihuset i Florø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Her er politiet sin logg frå natt til søndag:

Klokka 00:30:

Ein Florø-mann i 20-åra blir meld for å ha hatt ei mindre mengd narkotiske tablettar på seg. Saka vert følgd opp av Flora politistasjon.

Klokka 01:01:

Politiet rykte ut etter klager og måtte avslutte ein fest i Florøgrunna høg musikk.

Klokka 01.36:

Nok eit oppdrag i Florø. Politiet kom over ein overstadig rusa mann i sentrum. Vedkommande, ein mann i 50-åra, vart køyrd heim.

Klokka 02.28:

Ein rusa mann i 20-åra vart køyrd heim frå Sogndal sentrum.

Klokka 03.36:

Ein bil blei avskilta i Balestrand grunna manglande EU kontroll.