- Alle kan gjere enkle grep for å unngå identitetstjuveri. Det viktigaste er å innføre rutinar for korleis du oppbevarer og kvitter deg med papir og elektroniske lagringseiningar med sensitiv informasjon, seier Thomas Bjur i Veolia Miljø AS - Sikkerhetsservice.
- Sett lås på postkassa
Det er viktig å beskytte all informasjon som inneheld namn, adresse og telefonnummer. Spesielt viktig er det med dokument som inneheld personnummer og kontoopplysningar. Lagre alle viktige papir på ein sikker plass, og sett lås på postkassa. Det er også viktig å huske på å makulere dokumenta når du skal kaste dei, og ikkje berre hive dei i det ordinære avfallet.
- Ikkje gløym harddisken
Bjur seier at også harddisken på PCar er fulle av personopplysningar. Sjølv om du slettar dokument, vil det vere spor igjen.
- Når ein slettar en fil på en pc, fjernes den ikkje frå harddisken. Det som skjer er at du gir signal til harddisken om at den får lov til å skrive over den informasjonen som er lagra. Det finns enkel teknologi for å hente fram igjen opplysningar som har blitt sletta. Når du leverer gammalt datautstyr til gjenvinning er det dermed viktig å sørgje for at lagringseiningane blir avmagnetisert eller destruert, seier han
Tenk også over kva som finns av informasjon på cdplatar, diskettar og minnepinnar som du kastar.