– Det tar litt tid å få alt på plass. Det er masse finpuss som skal på plass før utstillinga opnar, seier Kirkebø til NRK onsdag.
Onsdag ettermiddag var kunstnaren i full gang med å gjere dei siste førebuingane på utstillinga si, som opna fredag kveld. I rommet låg det teikningar i både små og store størrelsar som skulle hengast opp før opning.
Tidlegare har Kirkebø stilt ut verka sine i gruppeutstillingar, men denne utstillinga er hans første separatutstilling etter enda studie.
– Kan ta fleire månader
I rommet står ein laservater som han brukar for at alt skal henga symmetrisk riktig. Teikningane hans viser bygningar og folk i landskap han har dikta opp, og det kan samanliknast med ein science fiction film om framtida.
– Eg bruker nåler både over, under og bak arka. Det er for å skapa djupn i bildet, få det litt ut frå veggen og slik at eg ikkje skal stikke hol i arka, seier Kirkebø.
– Teikningane dine er veldig detaljerte. Kor lang tid går det på å laga dei?
– Dei minste som er på A4 ark er dagsarbeid. Dei største kan ta opptil fleire månader, men då jobbar eg med fleire ting samtidig, seier Kirkebø.
35-åringen er født og oppvaksen i Førde, men flytta til Bergen tidleg i 20-åra. Der har han blant anna tatt ei mastergrad i kunst.
INSPIRASJON: Kay Arne Kirkebø hentar inspirasjon frå ting han ser rundt seg.
Foto: Thomas Brakstad / NRKLang interesse
Kirkebø fatta interesse for kunsten alt i ung alder.
– Det er litt klisjé, men det byrja med at eg likte å teikne då eg var liten. Så har det berre balla på seg, seier Kirkebø.
Utstillinga hans vert stilt ut ved Tag Team Studio i Bergen og skal stå ut november.
– Eg er veldig spent og håpar folk likar det dei ser, seier han.
VERT BOK: Alle teikningane på bordet skal etter utstillinga samlast og bli gitt ut i bokform. Dei største teikningane (bak han) brukar han opptil fleire månader på å laga.
Foto: Thomas Brakstad / NRKHan håpar utstillinga hans vil inspirera folk til å følgje meir med i kvardagen.
– Eg likar å teikne fiktive bylandskap, der eg hentar mykje av inspirasjonen frå ting eg ser rundt meg. I dag går mange rundt og ser ned på smarttelefonen sin, men det er mange imponerande strukturar der om ein berre løftar blikket og ser seg rundt, seier han.