Hopp til innhold

Vart spurt om fiskeutsetjing - sa nei - så dukka liknande fiskar opp

Høyanger kommune vart kontakta av ein mann som ønskte å sleppe ut tre karpefiskar i Sæbøtjørnet. Mannen fekk nei, men kort tid etter oppdaga folk same sorten fiskar i vatnet.

Henrik Kristoffer Løland viser fram karpefisken han fekk i Sæbøtjørna

FEKK FISK: Henrik Kristoffer Løland fekk ein av karpefiskane på kroken.

Foto: Montasje (NRK/Privat)

– Det høyrest jo veldig sannsynleg ut at det er denne personen som har sett dei ut, seier Marte Conradi, som er miljøvernleiar i Høyanger kommune.

For nokre veker sidan fekk kommunen tips frå fleire om at det var oppdaga nokon heller uvanlege fiskar i Sæbøtjørna, som ligg i Høyanger sentrum.

Dei store gule og oransje fiskane høyrer ikkje heime i norske ferskvatn, men har av ein eller annan grunn funne vegen hit.

Oppdaga sjølvlysande fiskar

Rykta om dei spesielle fiskane i tjernet har gått i Høyanger siste tida. Også kommunen er gjort merksame på dei, og Marte Conradi seier både folk i området og det lokale jakt- og fiskelaget prøver å få tak i dei.

Ein av dei er allereie fiska opp, etter at Henrik Kristoffer Løland og nokre kameratar prøvde seg med fiskestonga.

– Det er såpass farge på dei at dei er heilt sjølvlysande ute i vatnet, seier Løland, som er ungdomskontakt i Høyanger Jakt- og fiskelag.

– Då vi fekk på den eine, fekk vi heilt sjokk.

Fisken det er snakk om er ein slags karpefisk, nemleg ein japansk koi-fisk. Etter at Løland fekk fiska opp ein er det framleis fleire att.

Ville setje ut fiskane sine

Korleis fiskane har hamna i vatnet veit ikkje kommunen enno. Men ifølgje Conradi har dei ein mistanke. Berre nokre veker før fiskane vart oppdaga i tjernet fekk ho nemleg ein telefon om nettopp denne typen fiskar.

– Det var ein person som ringde meg for seks-sju veker sidan. Eg fekk inntrykk av at han hadde nokre karpefiskar som han ikkje hadde plass til lenger og som han gjerne ville setje ut i Sæbøtjørna, seier Conradi.

Miljøvernleiaren tok då kontakt med Fylkesmannen for å be om råd. Her fekk ho beskjed om at ei eventuell utsetjing av fisk måtte søkjast om, men at mannen mest truleg ville fått nei.

– Den informasjonen gav eg vidare til mannen som ringde, og sidan høyrte eg ikkje noko meir. Ikkje før liknande type fiskar vart oppdaga i tjernet, seier Conradi.

Nektar å ha gjort det

NRK har vore i kontakt med mannen som spurte kommunen om lov til å setje ut karpefiskane. Han nektar for at han skal ha sett ut fiskane som er oppdaga i Sæbøtjørna.

Conradi i kommunen seier det høyrest sannsynleg ut at det er denne namngjevne personen som har gjort det.

– Men viss han nektar så skal ikkje eg ha nokon meining om kven det elles kan ha vore, seier Conradi til NRK.no.

– Uheldig

Høyanger kommune har sendt vidare den informasjonen dei sit på til Fylkesmannen, og det er dei som må avgjere om ein eventuelt skal straffeforfølgje saka. Conradi er klar på at kommunen opplever det som har skjedd som uheldig.

– I utgangspunktet skal det ikkje setjast ut framand fisk, det er knytt både smittefare til det og ein fare for at arten kan spreie seg og fortrenge andre artar, seier ho.

– Men i dette tilfellet er det ikkje veldig stor fare for akkurat det, seier ho vidare og viser til informasjon som Fylkesmannen har henta inn hos Mattilsynet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oppdaga japansk koifisk i Sæbøtjørna i Høyanger

FRAMAND ART: Koi fisken høyrer ikkje heime i norske vatn, men her i dette tjernet i sentrum av Høyanger har folk i det siste oppdaga fleire slike fiskar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fryktar signaleffekten

Det er med andre ord ikkje noko umiddelbar fare for at dei eksotiske fiskane skal føre til nokon miljøkatastrofe i det vesle tjernet. Likevel meiner kommunen at saka problematisk.

– Vedkommande som har sett ut fiskane, visste nok mest truleg at det ikkje var lov.

– Det er litt med signaleffekten. Viss det er den personen vi trur som har gjort dette, så er det ein person som har fått klar beskjed om at dette ikkje var lov og at han måtte søkje om løye. Spørsmålet blir då om det som er gjort er greitt, eller om ein skal gjere noko med det, seier Conradi til NRK.no.

Usikkert om saka blir meldt

Ei eventuell politimelding er det uansett Fylkesmannen som må stå for. Nestleiar ved miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen, Gøsta Hagelund, seier det er veldig sjeldan at dei får inn denne typen saker. Han stadfesta tysdag at utsetjing av framande artar kan føre til ein strafferettsleg reaksjon.

Overingeniør John Anton Gladsø ved miljøvernavdelinga seier dei no prøver å finne ut meir om kva som konkret har skjedd i saka.

– Vi jobbar no for å få ei oversikt, vi vil forhøyre oss lokalt og seinare ta standpunkt til kva vi skal gjere, seier Gladsø til NRK.no.

Han kan på noverande tidspunkt ikkje seie noko om det blir aktuelt med ei politimelding eller ikkje. Gladsø stadfestar at dei har vore i kontakt med Mattilsynet om saka.

– Dei vurderte det til at det ikkje var noko umiddelbar smittefar knytt til desse fiskane, så no har vi litt meir tid på oss, seier han.

– Men viss fiskane ikkje utgjer ein stor fare for miljøet, kva er då problemet? Kan dei ikkje berre vere der?

– Det er del av evalueringa vi må ta når vi får full oversikt, seier Gladsø til NRK.no.