Hopp til innhold

Ni valkrinsar utan statsråd i den nye regjeringa: – Dramatisk

Jonas Gahr Støre si nyslåtte regjering lenar seg tungt på statsrådar frå aust og midt i landet. I sør står ein heil landsdel utan statsråd. – Dette er dramatisk, meiner politisk kommentator.

KVITE FLEKKAR: Finnmark, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder står alle utan statsrådar i den nye regjeringa.

Torsdag presenterte Jonas Gahr Støre kven han har peikt ut som sine utvalde rundt Kongens bord.

Støre får med seg 18 statsrådar i den nye Ap-Sp-regjeringa. Ti er kvinner, åtte er menn.

Halvparten av Støre sine utkåra har sitt virke i Oslo, Akershus og Hedmark.

Agder, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane står heilt utan representasjon i den påtroppande regjeringa. Dei fire valkrinsane på Vestlandet deler tre statsrådar mellom seg.

– Dette er dramatisk, seier politisk gjestekommentator i Stavanger Aftenblad Trond Birkedal til NRK.

Sjå ministerkabalen i botn av saka.

På Vestlandet er det berre Hordaland og Rogaland som er representert blant de nye statsrådene.

Verken Vest-Agder, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal er representert.
Oslo, Akershus og Hedmark har tre statsrådar kvar.

Éin statsråd kjem frå Østfold. Verken Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud eller Oppland har statsrådar.
Éin statsråd kjem frå Sør-Trøndelag, to frå Nord-Trøndelag. Nordland har to statsrådar, Troms har éin.

Finnmark er ikkje representert blant statsrådane.
Slik speglar den nye regjeringa landet.

Meiner regjeringa mister perspektiv

Verken Møre og Romsdal eller Sogn og Fjordane er representerte i regjeringa.

I Sogn og Fjordane hadde Senterpartiet over dobbelt så høg oppslutnad som i resten av landet. Det gir likevel ikkje utteljing i form av nøklar til eit departement.

– Det er ein skuffelse, seier sogning, senterpartist og eksstatsråd Liv Signe Navarsete.

Medan Støre ikkje har funne plass til nokon frå Senterparti-bastionen i vest, har Trygve Slagsvold Vedum følge av to frå Hedmark (sjå faktaboks).

– Sogn og Fjordane har all grunn til å vere skuffa. Det som var eit stolt statsrådsfylke blir i beste fall premiert med eit par veskeberarar, seier ansvarleg redaktør i avisa Firda, Kai Aage Pedersen.

Kai Aage Pedersen

REDAKTØR: Firda-redaktør Kai Aage Pedersen meiner Sogn og Fjordane har grunn til å vera skuffa over at valkrinsen heller ikkje denne gongen kan skimta med ein statsråd.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Birkedal viser til at vestlandsfylka med offshore-, fiskeri- og oppdrettsnæringa står for den største verdiskapinga i Noreg.

Han meiner det er dramatisk at ein så liten del av statsrådskobbelet har kjennskap og forhold til offshore- og supplyindustrien.

Regjeringa risikerer å mista viktige perspektiv i ein omfattande bransje som skal gå gjennom store endringar, trur han.

– Det er jo derfor Vestlandet vert kalla gullkysten. Det er i desse fylka den store eksportindustrien skjer. Med folk i regjering utan denne bakgrunnen, får me eit heilt anna fokus, seier den tidlegare Frp-politikaren.

NRK har bede Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum om kommentar til saka, men har førebels ikkje fått svar.

Ap-Sp-regjeringen på Slottsplassen

REGJERINGA: Støre-regjeringa på Slottsplassen torsdag ettermiddag.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Har nok vorte bortskjemte

Politisk kommentator i Bergens Tidende, Gerd Margrete Tjeldflåt, er ikkje like overraska.

– Det er kanskje som forventa. Det har vore knytt spaning til om det ville koma nokon frå Vestland i det heile. Det ville nok blitt tatt dårleg imot. No fekk Mjøs Persen den tunge oljeposten, som er viktig for Vestlandet. I tillegg har Tajik eit viktig departement, poengterer ho.

Tjeldflåt peikar på at Vestlandet nok har blitt litt bortskjemte dei siste åtte åra. Vestlandet var sterkt representert i dei ulike regjeringskonstellasjonane til Erna Solberg.

– Samstundes er det her vest mykje av verdiskapinga skjer. Me føler me har grunn til å verta høyrde, seier kommentatoren.

Der dei borgarlege i stor grad henta veljarar langs kysten i Sør-Noreg, har Arbeidarpartiet og Senterpartiet sine tydlege nedslagsfelt på det sentrale Austlandet, i Trøndelag og i Nord-Norge.

Kor statsrådane kjem frå, kan vera med å styra den politiske retninga til regjeringa.

– Eg trur det er ein redsel på Sør- og Vestlandet at statsrådar frå andre deler av landet ikkje kjenner godt nok til problemstillingane her. Ein kjenner gjerne områda ein kjem frå best og veit kor skoen trykker.

Birkedal meiner at sør- og vestlandsfylka i stor grad blir utraderte i den nye regjeringa.

– Det betyr at desse fylka vil bli mindre høyrde når tyngda er på Austlandet og i Nord-Norge, seier Birkedal.

Birkedal deler konklusjonen til avisredaktør Pedersen i Førde.

– Det mest spesielle er at Sogn og Fjordane ikkje har nokon representantar.

Ingen fra Sørlandet heller

Professor i statsvitenskap ved UiA, Dag Ingvar Jakobsen, er ikke overraskende at Sørlandet står uten statsråder i den nye regjeringen.

– Det skjer hver gang man har en Ap-ledet regjering. Det gjenspeiler ikke annet enn velgergrunnlaget man har. Sør-Vestlandet er grunnleggende en borgerlig bastion, sier Jakobsen.

Sjefredaktør i Agderposten, Katrine Lia, sier mange i gamle Aust-Agder fylke er skuffet i dag.

Hun mener den forrige regjeringsperioden har vist at statsrådenes tilhørighet har noe å si.

– Arbeiderpartiet har alltid stått sterkt i Aust-Agder som er det fylket hvor partiet i sin tid ble stiftet. Hvis man ser på hvordan Kjell Ingolf Ropstad jobbet for å få nye fengsler til landsdelen, så viser det at tilhørighet har noe å si.

Katrine Lia

Sjefredaktør i Agderposten, Katrine Lia, mener den forrige regjeringsperioden viste at statsrådenes tilhørighet er viktig.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Raudgrøn side har lett for å hente statsrådar

Politisk kommentator i NRK Lars Nehru Sand viser til at regjeringskabalen ikkje berre handlar om geografi, men også at partia har dyktige politikarar frå landsdelane der dei gjer det bra.

– Generelt er det enklare for partia å skaffa seg profilar i dei delane av landet kor dei gjer det bra. Difor har raudgrøn side lett for å henta statsrådar frå Innlandet og Nord-Noreg, medan høgresida har profilar frå Vestlandet.