Vestlandet er gjennomhola av korte, mellomlange og dei lengste vegtunnelane i verda. No set Statens vegvesen inn støyten for å oppgradere alle tunnelar lengre enn 500 meter.
– Mange av desse tunnelane har ikkje vore gjort noko med på fleire tiår, seier prosjektleiar Rune Sandven.
Dei byrja for to-tre år sidan med nokre få tunnelar. Utover i 2019 vil aktiviteten auke år for år fram mot 2025, og kanskje enda lenger. Det gjeld tunnelar både i og utanfor storbyane Stavanger og Bergen.
Lange stengingar
Men for at vegvesenet og deira entreprenørar skal få gjort all jobben, må drastiske tiltak setjast inn. I mange av tunnelane vil det bli kolonnekøyring med lange stengeperiodar om nettene.
– Skal du ferdast på natt, får du eit alvorleg problem i mange år framover. Det er ei viktig oppgåve for oss å prøve å hindre at nokon blir ståande framfor tunnel etter tunnel og berre vente, seier prosjektleiaren.
OMFATTANDE: Over 200 tunnelar skal oppgraderast på Vestlandet dei komande åra.
Foto: Statens vegvesenDet skal skiftast taklys, ventilasjon, naudstasjonar og evakueringslys. Kort sagt: Tunnelane skal bli mykje tryggare.
– For nokre tunnelar gjeld det også installering av kamera og radar for å få meir kontroll på kva som skjer i tunnelane, fortel Statens vegvesen.
– Alvorleg oppgåve
Det er ingen som veit kor stor sluttsummen for oppgradering av over 200 tunnelar blir. Men det er alt sett av fleire milliardar til prosjekta som er i gang.
– Det er veldig omfattande og ei veldig alvorleg oppgåve. Tunnelar er det mange av og det skal vere like god tryggleik i tunnel som utanfor, forsikrar Sandven.
Det skal jobbast med tunnelar i alle regionane i Noreg. Blant anna er det mange tunnelar nord i Nordland og ikkje minst i Oslo, som har blitt eller skal fiksast.
Slik skal dei jobbe med tunnelane på Vestlandet framover: