Hopp til innhold

Slik skal tomme cruisekaier fyllast med turistar

Reiselivet ser til Middelhavet når dei i løpet av sommaren håpar å få tilbake cruiseskipa. Planen er å isolere og sluse turistane til destinasjonane, for å unngå smitte.

Tom brygge i Flåm i Aurland kommune som følge av koronasituasjonen

TOMT: Flåm har normalt over ein million cruiseturistar på besøk kvart år. No er det tomt.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Medan det for tida er full innreisenekt for turistar til Noreg, er det betydeleg cruisetrafikk over store delar av verda.

– Folk har lyst å reise på cruise og det er allereie mange cruiseskip som går, seier driftsleiar Jon Olav Stedje i Aurland Hamnevesen, medan han ser utover ei tom cruisekai i turistbygda Flåm.

Normalt kjem det meir enn ein million turistar til Flåm kvart år, men no vel reiarlaga andre destinasjonar.

Valdebatt i Flåm

UVISS OPNING: Førebels veit ingen når det igjen kjem cruisebåtar til Flåm og andre norske hamner.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Sidan august i fjor har 350.000 passasjerar reist på cruise, viser tal frå CLIA (Cruise Line International Assosiation).

Trafikken går til ulike destinasjonar i Middelhavet, Gran Canaria og Asia. Men norske hamnesjefar kan førebels sjå langt etter turistane.

I 2020 kom det berre eitt cruiseskip til Flåm. Så langt i 2021 har alle planlagde anløp blitt kansellerte.

– Mai og juni er truleg «gone», seier driftsleiaren.

Jon Olav Stedje, Aurland Hamnevesen

HÅPER PÅ OPNING: Driftsleiar Jon Olav Stedje meiner det er mogleg å ta imot cruiseturistar på ein trygg måte, også under pandemien.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Planar om opning

No jobbar bransjen med å legge til rette for å opne opp att trafikken.

Eit av forslaga er ein trafikklys-modell, som gjer at det skal vere mogleg å ta imot cruisegjestar også under ein pandemi. Kva tiltak som blir innførte, vil avhenge av kor høg smitten er.

  • Grønt lys. Ingen restriksjonar. Mottak av passasjerar som før covid-19.
  • Gult lys. Passasjerane går i land som samla gruppe. Minimal eller ingen kontakt med lokalbefolkninga. Kontakt med tilsette berre med strenge tiltak.
  • Raudt lys. Ingen ilandstiging.

Ifølge Stedje er det fleire cruiseskip som i haust og vinter har brukt denne modellen, mellom anna i Middelhavet, for å hindre smitte. Tala frå CLIA viser at rundt 50 cruisepassasjerar har fått påvist korona, men at det ikkje har vore noko større enkeltutbrot.

– Eg er ganske sikker på at det kunne vore gjennomført på ein trygg måte her også, men det er ikkje opp til meg eller oss å bedømme.

I dag vert trafikken for kystcruise i Noreg strengt regulert.

Reglane seier at det maksimalt kan vere 200 om bord, som av næringa i realiteten blir oppfatta som ein innreisenekt.

– Noreg er framleis på ønskelista til cruisereiarlaga. Dei er klare når norske styremakter vurderer det som trygt for dei å kome, seier Stedje.

Håpet er ei gradvis opning frå juli og utover hausten.

Slusing til tog

Om styremaktene godkjenner ei gradvis opning, seier reiselivet i Flåm at dei er klare.

Planane er allereie lagde for korleis turistar kan slusast og isolerast på veg til Flåmsbana, sightseeing-båtar og diverse butikkar.

Flåmsbana - Flåm stasjon

PASSASJERAR TIL TOG: Eigne korridorar til Flåmsbana kan bli eit av fleire tiltak for å hindre smitte frå cruisepassasjerar til lokalbefolkninga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Før pandemien var arbeidsløysa i kommunen null. No er den på rundt 17 prosent.

– Ein sesong til med berre norske turistar vil vere særs krevjande. Då må vi stenge og ta ned delar av tilboda, seier Vidar Hauståker i reiselivsorganisasjonen Norway's best.

Helse- og omsorgsdepartementet stadfestar at retningslinjene for kystcruise skal reviderast innan 1. juni.

På grunn av smittesituasjonen er det for tidleg å konkludere om eller eventuelt når det blir opna for meir normal cruisetrafikk, skriv departementet til NRK.