Hopp til innhold

Slik vaskar Arne bussen for å unngå korona-smitte på elevane

SUNNFJORD/TRONDHEIM (NRK): Eit barn på kvart dobbeltsete og sitje ved vindauga. Det er oppskrifta for å unngå koronasmitte blant elevane som skal reise med skulebuss igjen på måndag.

Arne Hoff Råheim

MYKJE VASK: Sjåfør Arne Hoff Råheim må fram med filla og spriten mellom turane når han startar å køyre skulebuss igjen. Grundig vask av bussane er eit av tiltaka for å unngå smitte.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

27. april opnar skulane igjen frå 1. til 4. klasse. I Sunnfjord kommune er Arne Hoff Råheim ein av sjåførane som tar utfordringa med godt humør. Men beskjeden til foreldra er tydeleg nok:

– Fortel ungane korleis dei skal oppføre seg på bussen.

– Særleg med ungane trur eg det blir viktig å seie at dei skal sitje ved vindauga, og ikkje trekke seg saman i klynger, seier Råheim til NRK.

Han har trua på at god avstand på skulebussen er løysinga for å unngå smitte mellom elevane.

– Eg håpar foreldra orienterer ungane om dette. Det er jo slik i heile samfunnet no at du ikkje skal klynge deg saman. Vi satsar på at ungane er lydige.

Sondre Støfring, 4. klasse. Skulane startar opp igjen måndag 27. april.

GLER SEG: Sondre Støfring (10) gler seg til skulen, sjølv om det vert litt spesielt på skulebussen.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Mor: – Dette skal gå bra

I Jølster gler 10 år gamle Sondre Støfring seg til at han skal få møte igjen klassekameratane. Men han vedgår at det vert litt spesielt å ta bussen.

– Det vert litt vanskelegare å ta skulebussen, når vi ikkje får sitje i lag.

Mor Kjersti Støfring er ikkje uroa for at Sondre og dei andre borna på bussen skal verte smitta.

– Men det vert jo litt annleis på bussen, då dei berre får sitje ein i kvart dobbeltsete. Det er gode tiltak, så eg er ikkje redd. Det skal gå greitt å halde avstand på bussen, men det vert kanskje vanskelegare på skulen, seier ho.

Set inn 300 bussar

I Trøndelag set busselskapet AtB inn rundt 300 bussar for å ta unna skulekøyringa. Berre i Trondheim og omland vert det køyrt 100 bussar. Kravet om to elevar på fire sete, og dermed mindre passasjerkapasitet, er hovudårsaka til at dei må ha fleire bussar i drift.

– Vi er godt førebudde. Når borna kjem på bussen vil seta dei kan bruke vere merka. På den måten sikrar vi at det er avstand mellom dei, seier Harald Storrønning.

Harald Storrønning

PASSAR NØYE PÅ: Harald Storrønning, avdelingsdirektør for rutetilbod og infrastruktur i AtB, har bede sjåførane om å passe på at ungane ikkje sit for tett.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen

Han er avdelingsdirektør for rutetilbod og infrastruktur i AtB. Han har blant anna informert sjåførane om å passe ekstra nøye på at elevane ikkje sit for nært og at dei brukar setebelta.

Ingen av skulerutene som vert sette i gang i Trøndelag måndag vil vere opne for andre passasjerar enn skuleelevar. Totalt skal over 5000 elevar i grunnskulen og 900 elevar i den vidaregåande skulen fraktast med buss i Trøndelag.

Klar oppmoding frå skulesjefen

Skulesjefen i Sunnfjord, Åge Stafsnes, har også trua på at dette skal gå bra, så lenge reglane og råda blir følgde.

– Når det gjeld dei som ikkje har rett på skuleskyss, så oppmodar vi sterkt om å bruke andre transportmiddel, gå eller sykle til skulen, slår Stafsnes fast.

Åge Stafsnes
Foto: Arne Stubhaug / NRK