Hopp til innhold

Slik skal Nordfjord seljast

Borte er klassiske portrett av hest på veg til Briksdalsbreen, no skal Nordfjord trollbinde opplevingsturistane med fjell, bre og stormande hav.

– Det har vore ein fantastisk prosess og det var kjekt å presentere kva vi har kome fram til saman med Creuna, seier reiselivsleiar i Visit Nordfjord Marita Lindvik.

Arne Hjeltnes og Marita Lindvik

MÅ STÅ SAMAN: Både Hjeltnes og Lindvik er samde om at det er viktig for reiselivet at heile regionen samarbeider.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I den nye videoen er det eit klart brot med den tradisjonelle reiselivsreklameringa for Nordfjord. Det siste året har reiselivet i Nordfjord omorganisert seg og laga ny profil. I dag vart den vist fram i Operahuset Nordfjord for aller fyrste gong.

Leiar i Creuna, Arne Hjeltnes fortel at det handlar om endringar i korleis turistar tenkjer på.

– Vi har lagt stor vekt på den komplette reiseopplevinga. Du vil ha kultur, du vil sjå vikingskip, du vil vite litt om fjordingen og kanskje vil du surfe i havet eller stå på ski i fjellet. Du vil ha god mat og øl frå mikrobryggeri, det handlar om å få med alle sansane.

Ny logo for Visit Nordfjord

KOMPLETT: Alt i ein fjord er det nye slagordet til Visit Nordfjord. Det meiner Hjeltnes passar godt, han ser på Nordfjord som eit av dei mest komplette reisemåla i landet.

Foto: Visit Nordfjord

Sterkare saman

Sentralt i den nye reklamekampanjen er at heile Nordfjordregionen skal stå saman. Lindvik seier det handlar om å snakke med same tone og stil.

– Vi håpar dette skal bidra til å engasjere og samle oss Nordfjordingar. Det handlar om å stå saman. Vi er veldig små, og ute i verda er vi endå mindre. Dersom vi står saman vil vi få sterkare slagkraft både innanlands og i utlandet.

Visit Nordfjord fire ord

FIRE ORD: Villast, lengst, djupast, størst er dei orda Nordfjord no skal møte verda med.

Foto: Visit Nordfjord

Mest komplett

Hjeltnes seier at Nordfjord har store utfordringar knytt til at det ikkje er godt nok kjend. Han meiner noko av det viktigaste er at regionen lærer å skryte av seg sjølv. No går ord som "villast", "lengst" og "størst" igjen.

– På Austlandet trur mange at Nordfjord ligg i Nord-Noreg, det er fordi regionen dessverre er alt for lite kjend. Nordfjord er på mange måtar det mest komplette reisemålet i heile landet, alt vi har å by på i Noreg finn ein her. Vi har prøvd å friske dette opp litt og modernisere det. Det dei har er veldig bra, men dei må lære seg å skryte litt.