Hopp til innhold

Slik skal kvinner og whisky berge kommunen

Folketalsstatistikken i det vesle øysamfunnet Fedje er ikkje gledeleg lesing for innbyggjarane. No lover whiskygründarar å auke innbyggartalet med kring 40 prosent.

Sjefsdistallatør ved Feddie, Therese Storebø Østervold

HEILT SJEF: Therese Storebø Østervold er sjefsdestillatør ved Feddie på Fedje.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Eigentleg har utviklinga på Fedje i Nordhordland gått berre ein veg dei siste tiåra.

– Då eg starta på skulen i 1978 var det i ein rekordliten klasse. Berre 11 elevar. I dag er det ingen årskull som er i nærleiken av å vere så store, fortel ordførar Stian Herøy.

– Vi har prøvd alt for å få folk hit. Men det er berre ein ting som eigentleg fungerer. Det er arbeidsplassar.

Fedje vaklar etter tap av fleire hjørnesteinsbedrifter.

Ifølge Statistisk sentralbyrå budde det ved årsskiftet 525 menneske på Fedje. På det meste har innbyggartalet vore nesten 1000.

Men no er det for første gong på lenge optimisme og framtidstru i øykommunen yst på Vestlandskysten.

– Om dei lukkast med dette kan det vere avgjerande for heile samfunnet her.

Spritproduksjon med ambisjonar

Løysinga til lokale gründarar ligg i edle dropar.

Sjefsdestillatør ved Feddie, Therese Storebø Østervold viser veg mellom store ståltankar. I ein nedlagt fiskeforedlingsfabrikk rett ved ferjekaien er det no destilleri.

– Her har vi malt frå Danmark til whiskyen vår. Og her er all ginen min, seier «Tessa».

Allereie er fabrikken ein av dei største arbeidsplassane i Fedje kommune.

No går ho gjennom eit skåp fullt av små glasflasker. Det står «trøffeltang», «sjøgras» og «røsslyng» på etikettane.

– Det er ein fantastisk jobb. Eg prøver å sanke inn smakane herfrå og få dei ut i produkta våre.

Nyleg vann dei ein internasjonal pris for gin med smak av Fedje. No er dei ikkje i nærleiken av å kunne dekke etterspurnaden.

Men sprit er sjeldan åleine svaret på utfordringar i distriktet.

Fedjebjørn i innseglinga til Fedje.

FEDJE: Den vesle øykommunen Fedje har 525 innbyggjarar. Kurven viser stødig nedgang.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Kvinnelege investorar

– Vi har lova å gjere Fedje til ein vekstkommune. Nyleg tok eg ordføraren i handa på at vi skal få innbyggartalet opp til 729.

Anne Koppang driv restaurantar, og er ei av kvinnene bak Olivia-kjeda. Det var eit anna prosjekt som tilfeldigvis førte henne til den vesle øya i Nordhordland.

Men sjølv om det ikkje gjekk som planlagd kunne ho ikkje forlate øya for godt.

No står ho i spissen for 121 investorar. Alle er kvinner.

– Det er stort sett menn som eig og investerer her i landet. Vi vil vere eksempel for at og kvinner kan ta risiko.

Investorgruppa har allereie investert fleire titals millionar kroner på øya. Og dei lover meir.

Anne Koppang

RESTAURATØR: Anne Koppang er ei av kvinnene bak restaurantkjeda Olivia. No står ho i spissen for 121 investorar på Fedje.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dei har kjøpt fyret, kafeen, land til å bygge sjøbuer og fabrikklokale til brennevinsproduksjon.

– Vi er sikre på at whiskyen vår vert ein suksess. Det trur vi åleine vil trekke kring 5000 turistar til Fedje kvart år, seier Koppang.

No jobbar dei med planane om eit hotell, heilt yst mot havet. Dei har engasjert ein internasjonal kjend arkitekt.

Distelleriet til venstre i bildet, Fedje

FEDJE: Den nedlagde fiskeforedlingsfabrikken på Fedje (til venstre i bildet) er no destilleri.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Optimisme og framtidstru

Fedje liker å kalle seg landsbyen ved havet. Dei fleste husa ligg tett rundt ei vik nordaust på øya. Her kjem ferja inn i roleg vatn etter ein ofte tøff tur ut frå fastlandet.

Men mange av husa står tomme store deler av året. Forlatne lokale vitne om mislukka satsingar på reise- og uteliv.

Likevel har mange trua denne gongen.

– Det som Anne og gjengen held på med er i ein annan liga enn det me er vande med, meiner Kjell Samnøy. Han er entreprenør, og møter på investor Koppang utanfor nærbutikken.

– Alle arbeidsplassar som naturleg vart lagt til Fedje innan fiskeri og fiskeforedling er vekke. Difor treng vi dette heilt desperat.

– Men om produktet deira er bra kan eg ikkje uttale meg om. Eg er nemleg avhaldsmann.

Tønner med whisky hos Feddie på Fedje

WHISKY: Tønner med whisky frå Fedje. Destilleriet lagar også gin. Dei er ikkje i nærleiken av å kunne dekke etterspurnaden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sikre på å lukkast

– Destilleriet Feddie kjem til å bli ein suksess. Det er det ingen tvil om.

Sjølv om dei ikkje kan selje whisky frå vestlandskysten på over tre år er Anne Koppang sikker på at oppturen på Fedje berre så vidt har starta.

– Om me og får til hotellet og alle dei andre planane får me no sjå. Men me satsar høgt og har trua.

Snart går spaden i jorda for «the Village». Då vert det sjøbuer rundt vika der dei i dag lagrar brennevinet sitt. Då vil dei og ha opp eit bakeri og andre tenester som turistar vil ha.

– Det er klart folk vil komme til Fedje. Kjenne på krafta i naturen. Stilla. Historia her. Dette har i alle fall blitt min andre heim.

Kanskje har øykommunen som vart bygd på fisk ei framtid tufta på kvinner og brennevin.