Slik skal Kai gjenskape Noreg si unike 1000 år gamle verdsarv-historie

Det vil ta fleire år å løyse oppgåva, men Kai Johansen skal jobbe heilt likt som handverkarane gjorde for nær 1000 år sidan.

Treskjæraren Kai Johansen

ÆREFULLT OPPDRAG: Kai Johansen og fleire andre norske treskjerar skal gjenskape den heilt spesielle portalen i UNESCO-kyrkja Urnes.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det ferske jernet skjer igjennom trestykket og lèt etter seg seg ei stripe med spon. Nøyaktig på same måten som nokon gjorde i bakkane over Lustrafjorden i år 1070.

Den gongen var det ingen som kunne filme eller ta bilete av det som skjedde, men Urnes-portalen i Urnes stavkyrkje står der som eit bevis på at det skjedde.

– Arbeidsmåten skal vere heilt lik arbeidsmåten som i 1070. Det er veldig mange små deler av prosjektet som vi må prøve å gjenskape slik det var, fortel Kai Johansen.

Han vil ikkje kalle seg kunstnar, men er ein formidlar og handverkar av rang. Det er ein grunn til at det er nett han som står der og jobbar denne sommaren.

Urnes stavkirke

BYGGEKUNST: Portalen på Urnes stavkyrkje blir rekna som heilt unik i verdssamanheng. No blir det bygd ein tru kopi.

Foto: Ragnar Utne / fortidsminneforeningen.no

Nytt verdsarvsenter

– No held eg på med toppstykket over døra, det som er mellom portalplankane. Eg har gjort nokon gjennombrot, så har eg så vidt begynt med flettinga mellom dei ulike ormane og dyra her.

Bakgrunnen er at Fortidsminneforeningen skal byggje eit nytt verdsarvsenter på Urnes som skal stå ferdig i 2024. Kyrkja er den einaste norske kyrkja på Unesco si liste over dei mest verdfulle kulturminna i verda.

I det nye senteret vil dei då ein kopi av den magiske portalen til kyrkja, i tillegg til ein del andre gjenstandar som no ligg i Bergen på museet.

Det gjeld Madonnaen, Olavs-figuren, lysestakane, ting som folk ikkje får sjå til vanleg og som i mange år har vore pakka ned på Universitetsmuseet.

Kven det var som i si tid bygde den første kyrkja på Urnes, er det i dag ingen som veit.

Men det ein veit sikkert er at kyrkja blei bygd for den mektige familien som den gongen regjerte over bygda på sørsida av Lustrafjorden.

Treskjæraren Kai Johansen

NØYAKTIG: Alt blir gjort på same måten som i år 1070. Sjølv verktøya er smidd heilt likt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kopi av eldgamle verktøy

Kyrkja som står der i dag kan daterast tilbake til 1100-talet, men det var kyrkjer der før også. Staden har truleg vore ein heilag stad lenge før kristendomen kom til Noreg.

I arbeidet som Kai Johansen og dei andre treskjerarane no skal gjere, finn dei inspirasjon i dei norrøne, keltiske og romanske kunsttradisjonane som pregar kyrkja.

– Eg har gått tilbake i arkeologien og har blant anna funne døme på verktøy av typen som blei brukt den gongen. Desse verktøya gjenskapar vi sjølve. Eg har blant anna funne hakk i treverket til kyrkja, og på den måten funne ut kva jern dei brukte.

Til vanleg jobbar Kai Johansen på Stiklestad Nasjonale Kultursenter i Trøndelag. Han er ein av ganske få i Noreg som kan teknikkane som blei brukt for nær 1000 år sidan.

– Det er hovudsakleg utprøving av verktøy eg gjer no, for å sjå kva modellar eg manglar. Det er ein del jern eg manglar framleis, for eg kjem ikkje til over alt.

Ventar på staten

Ingebjørg Njøs Storvik er dagleg leiar for Urnes stavkyrkje. Ho gler seg stort over at dei har fått til prosjektet der dei fremste treskjerarane i landet skal gjenskape historia.

– Vi som jobbar her, lærer også veldig mykje av dette prosjektet. Turistane blir veldig interesserte og seier at dei vil kome tilbake.

Med finansiering frå private og Luster kommune skal verdsarvsenteret realiserast. Staten har førebels ikkje kome på bana med pengar, det håpar Storvik ordnar seg.

Den gjenskapte portalen vil bli eit viktig element når senteret opnar i 2024.

– Vi håpar at vi kan halde fram med å ha denne typen kunnskapsformidling også når portalen er ferdig, seier ho.

FJORDKYRKJA: Høgt oppe i bakkane over grenda Ornes ligg Urnes stavkyrkje.

– Audmjuk og ærefull

Under teltduken dukkar stadig nye turistar opp for å ta arbeidet til Kai Johansen i augesyn. Han fortel villig vekk om faget og prosjektet.

– Det er veldig omfattande. Vi vil jo at alle stadia bak det å lage ein portal skal synleggjerast, seier han.

Om ligg skal dei finne og felle dei trea som skal til for å realisere sjølve portalen. Dei skal kløyvast i to med øks og kile. Først då kan det verkelege arbeidet starte.

– Eg blir audmjuk og ærefull av å få vere med på dette. Eg vil jo berre bidra litt med den kunnskapen eg har som treskjerar inn i det store bildet. Eg håpar jo at portalen vi skal lage blir ståande ei stund, kanskje 1000 år.