Hopp til innhold

Slik skal dei tilbringe påska

Tre unge karar frå Florø har valt vekk ski og frisk luft i påska. I staden sit dei saman med over 5000 andre i Vikingskipet på Hamar.

Robert Knapstad, Sivert Andersen og Steffen Tonheim Knutsen

PÅ PLASS I VIKINGSKIPET: Robert Knapstad (16 år), Sivert Andersen (15) og Steffen Tonheim Knutsen (16) er alle frå Flora. No skal dei vere fem dagar på Hamar for å game.

Foto: Rune Helle

For no ventar fem dagar med spel, data, energidrikkar, junk food og lite søvn. Dette er sjølve livet for fleire tusen ivrige datainteresserte gutar og jenter.

The Gathering blir arrangert kvar påske i Vikingskipet. Alle har med sitt eige utstyr og får tildelt kvar sin plass i den store hallen.

16-åringen Steffen Tonheim Knutsen frå Florø er her for første gong, saman med to kompisar. Når NRK ringjer, er han midt i spelet Counter-Strike.

– Eg spelar CS, det er eit skytespel. Vi er fem på kvart lag, fortel han.

Så langt har han og dei andre hatt ei positiv oppleving.

– Vi får «game», det er sosialt og god stemning. Opningskonserten i går var bra med mykje god musikk. Der spelte mellom anna Broiler.

Steffen Tonheim Knutsen

KOSAR SEG: Steffen Tonheim Knutsen har funne seg godt til rette på The Gathering.

Foto: Rune Helle

Positivt for digitaliseringa

For mange er det kanskje uforståande at enkelte brukar påska innandørs i ein mørk hall, med nesten berre «gaming».

Men Torgeir Waterhouse som er direktør for internett og nye medier i IKT Norge, seier at The Gathering har vore svært viktig for digitaliseringa av det norske samfunnet.

– Dette har i alle år vore ein fantastisk inspirasjon for ungdom med programmering og IKT som interesse, og det har ført til liknande arrangement andre stader i landet, sa han til NRK då dørene opna onsdag.

The Gathering 2016

TETT I TETT: Vikingskipet er fylt opp med skjermar og datamaskinar. Her er det speling nærast døgnet rundt.

Foto: Einar Langholen Schulstad / NRK
The Gathering 2016

LANG KØ: Slik såg det ut utanfor Vikingskipet onsdag, då folk strøymde til den store hallen.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Lite søvn og mat

På Vikingskipet er fleire tusen godt i gang med spelinga. Det blir lite dagslys denne helga, og kosthaldet er kanskje ikkje heller det beste.

– Det går mest i junk food, som burgarar og pommes frites, fortel 16-åringen Steffen.

– Kva med søvn?

– Det blir lite med det. Det blei kanskje eit par timar i natt. Men eg får sove ut 2. påskedag når eg er heime att.

Og så langt har The Gathering vore ei så positiv oppleving at han neppe er her for siste gong.

– Eg trur eg kjem til å reise hit neste år også, seier han.

The Gathering ble åpnet i dag, og det skal markeres med en spesiell åpningskonsert.

OPNINGSKONSERTEN: Konsert både i dataspelet Minecraft og på Vikingskipet under The Gathering