Slik set dei liv og helse på spel for å tene pengar

Yrkessjåførane set liv og helse på spel når arbeidsgjevarar knivar om oppdrag. Berre i fjor vart 1 024 sjåførar melde for brot på køyre- og kviletida.

Torgeir Bang

LIVSFARLEG: Dei mange og til dels omfattande brota på køyre- og kviletida gjer Torgeir Bang, overingeniør i Statens vegvesen, uroa for trafikktryggleiken.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Urovekkjande, er distriktsleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad, sin klokkeklare reaksjon på den utbreidde juksinga i transportbransjen.

Køyrde i 18 timar

Berre i Sogn og Fjordane vart 170 tungtransportsjåførar melde for brot på reglane i fjor. Det er over ti prosent av alle som vart melde på landsbasis. Før helga vart ein versting, ein rumensk sjåfør, tatt for kviletidsjuks ved Håbakken trafikkstasjon i Lærdal.

I løpet av eitt og eit halvt døgn køyrde mannen 18 timar . Noko han prøvde å skjule ved å køyre på ein annan manns identitet.

– Dette er veldig alvorlege brot på køyre- og kviletida. Slikt er veldig trafikkfarleg, seier overingeniør Torgeir Bang hos Statens vegvesen.

Håbakken kontrollstasjon

KONTROLLSTASJON: Ved Håbakken i Lærdal vart fleire lovbrytarar stogga for brot på køyre- og kviletida.

Foto: Rune Fossum / NRK

Mange måtar

Men rumenaren er ikkje den einaste. Og Bang seier det er fleire måtar sjåførar juksar med fartsskrivaren. Den registrerer all køyre- og kviletid til føraren.

– Vi har det som eigentleg er uskyldige brot, der dagane blir for lange. Så har vi nokre som låner kortet til ein kollega, kamerat eller ein som kanskje ikkje er sjåfør. I tillegg brukar nokre magnet, slik at heile systemet blir sett ut, seier han.

– Det er synd, for det går slik ut over trafikktryggleiken, legg Bang til.

– Livsfarleg

Audun Heggestad

DISTRIKTSLEIAR: Audun Heggestad er distriktsleiar i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Heggestad reagerer kraftig på juksinga. Og det er ikkje berre liv og helse til sjåførane sjølve som kan bli sett på spel.

– Det er ikkje bra i det heile. Dei har veldig stort potensial til å gjere feil i trafikken. I verste fall kan dei sovne, komme over i møtande køyrefelt og krasje med motgåande trafikk, seier distriktsleiaren.

Pressa næring

Lars Andreas Kårstad

UROA: – Det er livsfarleg og uråd å konkurrere med, seier Lars Andreas Kårstad juksinga med køyre- og kviletid i transportnæringa.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Det er transportfirmaet som tener på juksinga. Dess meir bilane transportere, jo meir klingande mynt får dei i kassen.

Lars Andreas Kårstad, avdelingsleiar i Transferd i Førde, seier juksinga får store følgjer.

– Vi avheng av å konkurrere på like vilkår etter lovar og reglar. Elles har ikkje bransjen livets rett. Det er for hardt press. Det er stor konkurranse, det skal vere billegast mogleg og då blir sjåførane i siste leddet pressa hardt, seier han.

Stort skadepotensial

Den meininga deler også Bang hos Statens vegvesen.

– Det er nokre som køyrer rimelegare enn andre, anten fordi dei juksar eller ikkje. For å nå fram i konkurransen, er både sjåførar og bileigarar villige til å gjere dette, seier han.

Erfaringa med å føre tunge køyretøy gjer Kårstad uroa over utviklinga.

– Alle har vel prøvd å vere overtrøytt. Du er ikkje mykje klar i toppen. Du blir sløv og uobservant. Og mellom hendene har du ein stor doning som kan gjere stor skade, seier han.