– Det blir ganske store kontrastar i landet, fortel statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis om vêret 17. mai.
Etter to koronaår er det endeleg duka for lange barnetog og folkehav på nasjonaldagen.
Då er det mange som ønsker seg sol og opphaldsvêr, men det ser ut til at berre halve landet får det. Eit høgtrykk plasserer seg nemleg midt i landet og deler Noreg i to.
RAUDT, KVITT OG BLÅTT: Også Bø i Vesterålen er i mai 2022 prega av nasjonalfargane, men kanskje på feil måte.
Foto: Jan-Helge AndersenRisikerer snø i toget
Det betyr at heile Sør-Noreg vil få fint vêr, medan det i Nord-Noreg blir meir variert.
I Troms er det venta snø nasjonaldagen.
– Du skal ikkje bli overraska om du vaknar til nysnø, seier Sarchosidis.
Det er likevel ikkje store snømengder det er snakk om. Utover ettermiddagen og kvelden vil nedbøren gå over til sludd eller regn.
– Det positive er at du ikkje kjem til å sveitte i bunaden, seier meteorologen.
KAN BLI KVITT I TROMS: Folk som bur i Troms må bu seg på nysnø om morgonen 17. mai, men det vil bli mildare utover dagen, seier statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis.
Foto: Gunnar Grindstein / NRKDet typiske 17. mai-vêret
I fjor oppsummerte Meteorologisk institutt det «typiske» 17. mai-vêret i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.
– Faktisk ser det ut som temperaturane på 17. mai i år vil halde seg ganske nær gjennomsnittet for 1991–2020 i dei fire byene, fortel klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.«»
Kva som er det typiske 17. mai-vêret er likevel vanskeleg å svare på, fordi det varierer så mykje frå år til år, fortel han.
Kaldaste temperatur som nokon gong er målt ein nasjonaldag var på Finse i 1909 – med – 20,9 grader.
Varmerekorden sette Gvarv i 1980 med 27,5 grader.
HEILT KNALL: Sør-Noreg ligg an til både knallvær og knallfargar på nasjonaldagen (Arkivfoto frå Rekdal i Møre og Romsdal).
Foto: Tore Ellingseter / NRKKan bli 20 grader i aust
Bunadsfolket i indre Agder og på Austlandet vil truleg få det varmt denne nasjonaldagen.
Der kan det bli temperaturar opp mot 20 grader.
Litt lågare temperaturar er langs kysten av Sørlandet og på Vestlandet, med rundt 16 grader.
– I Trøndelag blir det ganske fint. Det blir kanskje litt meir overskya enn resten av Sør-Nore med temperaturar på mellom 13–15 grader, fortel meteorologen.
FINT I VEST: Statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane kan love fint vêr til vestlendingane i år.
Foto: PrivatFint også i vest
Vestlendingane har god grunn til å smile over vêrmeldinga for 17. mai i år.
– Dei fleste modellane våre tyder på fint vêr, fortel meteorolog Julie Solsvik Vågane ved vêrvarslinga på Vestlandet.
– Det betyr gode periodar med sol og eigentleg ganske bra temperaturar på nasjonaldagen, legg ho til.
SLIK, JA: Med det venta høgtrykket satsar bergensarane på ei høgstemt og nystemt 17. maifeiring. (Arkivfoto)
Foto: Kjell Jøran HansenI Stad kommune i Vestland deltek alle barnehagar i eit eige tog i forkant av 17. mai. Kjølsdalen Montessoribarnehage var ein av barnehagane som troppa opp i regnvêret fredag.
– Det betyr ingenting. Vi er vande til å vere ute i all slags vêr, vi berre kler oss deretter, seier Oline Furnes, som er tilsett i barnehagen.
– Det blir litt finare vêr 17. mai, det blir kanskje kjekt òg?
– Ja, heldigvis, ler Furnes.
BARNEHAGETOG I REGN: Tuva, Tiia, Ola og Oline Furnes i Kjølsdalen Montessoribarnehage gjekk i barnehagetog i regn fredag, men på sjølve nasjonaldagen er vestlendingane lova fint vêr.
Foto: Benedikte Grov / NRKKjølig i nord
Kaldast blir det i nord, med seks-sju grader.
Nordland er det einaste fylket der meldingane er usikre, fordi det er usikkert kvar høgtrykket vil plassere seg
– Førebels ser ut til at Nordland kan få opphaldsvêr. Det blir ikkje noko særleg med sol, men ikkje noko nedbør i alle fall, seier Sarchosidis
– Kanskje Vesterålen og Lofoten kan få nokre byer, men resten får det fint. legg han til.
I Aust-Finnmark og på Finnmarksvidda ser folk til å sleppe unna nedbøren.
LEI AV VINTER: Sist veke kravde Per H. Olsen og familien utanfor Tromsø «sommar no». Kravet blir nok ikkje innfridd før etter 17. mai.
Foto: Privat