Slik ser den grøne fjorden ut frå verdsrommet

Det er grønt, skjønt, aldeles ufarleg og synleg frå satelittane.

Satellittbilde av Hardangerfjorden den 30. mai 2020, i den skyfrie pinsehelga.

SETT FRÅ OVEN: Sjølv frå verdsrommet er den grøne algeveksten i Hardangerfjorden godt synleg. Skjermdump frå satellittbildet som er lagt ut 30. mai.

Foto: NASA

I desse dagar blir mange overraska over den spesielle fargen på fleire fjordar i vest.

– Det er jo ein ganske fantastisk farge, seier forskar ved Havforskingsinstituttet, Lars-Johan Naustvoll, til NRK.

Dei siste dagane har særleg Hardangerfjorden og fjordane nærare Bergen blitt grønare og grønare. På NASA sine satellittbilete kan ein tydeleg sjå det vakre naturfenomenet.

Og forklaringa er enkel, men likevel fascinerande:

Det er kalkalgen Emiliania huxleyi som no blømer, slik den ofte gjer om våren, skriv Havforskingsinstituttet på sine heimesider.

– Det er ikkje naudsynleg slik at det er så store mengder av sjølve algen, men den skil ut enormt mange kalkplater som igjen set farge på vatnet, fortel forskar Naustvoll.

Grøn fjord

FRÅ LUFTA: Slik ser det ut frå lufta. Her frå ein flytur frå Sola til Flesland.

Foto: PER ØYVIND KALLEKLEIV / PRIVAT

Ufarleg gjest i fjorden

Han og dei andre havekspertane kallar algen for Ehux og den brer no om seg på Vestlandet.

Ikkje minst når det blir så mykje at det blir synleg frå verdsrommet.

Medan ein del algar kan vere til skade for anna liv i havet, er Ehux heilt ufarleg for både menneske og dyr.

– Det einaste farlege kan vere redusert sikt for båtfolket. Fiskarar rapporterer også at det blir mindre fisk å få. Det kan henge saman med at også fisken får redusert sikt til å finne bytte, forklarar Naustvoll til hi.no.

Oppblomstringar av den ufarlege kalkalgen Emiliania huxleyi er lette å oppdage sidan dei gir vatnet ein turkis farge. Som her i Hardangerfjorden.

GRØN FJORD: Slik såg Hardangerfjorden ut ved Rosendal for nokre få dagar sidan.

Foto: Irene Huse / Havforskningsinstituttet

Aukar på med algar

Ifølgje nettsida Algestatus blømer denne algen på ei tid av året og i område der det er svært låge mengder næringssalt.

Ehux produserer nye algeplater så lenge den lever og set verkeleg farge på omgjevnadane sine.

– Dei siste vekene er det registrert aukande mengde av denne arten fleire stadar på Vestlandet, seier forskaren.

Det er kalkalgen Emiliania huxleyi som no blømer, slik den ofte gjer om våren, skriv Havforskingsinstituttet

HELS PÅ EHUX: Slik ser den bittelille algen ut i mikroskopet til forskarane.

Foto: Stig Bjarte Haugen / HI.no