Hopp til innhold

Slik rydda dei riksvegen etter raset

Store mengder snø har blitt rydda i dag etter skredet som sperra riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. No er vegen opna for fri ferdsel.

Eit stort snøskred sperra i dag riksvegen i Sogndalsdalen.

VIDEO: Mannskap har jobba i fleire timar for å rydde raset på riksveg 5. Foto: Halvor Farsund Storvik, NRK

SISTE: Klokka 15:03 melder Vegtrafikksentralen at riksveg 5 er open, men det er manuell dirigering på staden.

Oppryddingsarbeidet starta i føremiddag og det var rekna med at vegen skulle opne i 13-tida.

– Arbeidet blei forseinka fordi det er store utfordringar med snømassar og eit rekkverk som har losna. Vi ventar at vegen vil opne etter klokka 14, opplyste Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK i ettermiddag.

Det var i natt i firetida at ein stort snøras gjekk over riksveg 5 ved avkøyrsla til Selseng i Sogndalsdalen. Raset sperrar vegen mellom Skei og Sogndal.

Raset som gjekk var femti meter breitt og eit par meter i høgda. Raset reiv også med seg 100 meter rekkverk.

Ein brøytebilsjåfør var nær å bli teken av raset då han passerte rasstaden like før raset gjekk.

Det har i morgontimane vore trøbbel også på fjellovergangane med stengde vegar og kolonnekøyring. Fleire riks- og fylkesvegar blir ikkje opna i dag.

Følg utviklinga på vegane på nrk.no/trafikk

Stengjer veg

HÅPAR PÅ OPNING I 14-TIDA: Statens vegvesen trur det vil gå eit par timar før vegen mellom Skei og Sogndal blir opna.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK