Hopp til innhold

Slik redda dei den skadde skikøyraren frå snøsprekken

Då meldinga kom om at ein skikøyrar hadde køyrt rett ned i ei snøsprekken oppi bakken på Stryn Sommarskisenter, frykta Per Erik Flatmoen det verste.

Snøsprekk

PÅ PLASS: Skipatruljen kom raskt til staden med både stige og breklatringsutstyr.

Foto: OLAV STANDAL TANGEN

– Ein tenkjer jo ein del når ein er på veg oppover. Ein veit liksom ingenting, seier driftssjef ved Stryn Sommarskisenter, Per Erik Flatmoen.

Ein 30 år gammal mann ligg alvorleg skadd på Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden hans er ustabil etter ulykka i dag.

Den svenske skiløparen køyrde i eit område som er sperra av og merkt med skilt fordi folk ikkje skal køyre der, nettopp fordi det er slike sprekkar i snøen.

Er ein sprekk som kjem årleg

– Dette er ei årleg sprekke. Alle som er herifrå, kjenner til ho. Og området er sperra av, seier Flatmoen.

Snøsprekka er om lag tre meter brei på toppen og går fire-fem meter ned.

– Det er svaberg under, og så renn det vatn der heile tida, seier Flatmoen.

Den svenske skiløparen var i følgje med fleire, og dei kom seg raskt ned til sjølve skisenteret for å melde ifrå kva som hadde skjedd.

– Vi drog ut med skipatruljen med ein gong. Vi hadde med stige, breredningsutstyr og redningsutstyr, fortel Flatmoen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøsprekk 3

KOM TIL: Fleire skiløparar kom til for å hjelpe.

Foto: OLAV STANDAL TANGEN

Hadde ope brot i armen

Ved skisenteret er det til ei kvar tid to eller tre i denne patruljen på vakt. Dei er trena på denne typen oppdrag.

– Vi kom oss raskt ned til mannen. Han hadde vondt i nokre ribbein og hadde eit ope brot i armen. Men han var vaken, sjølv om han hadde ganske vondt, fortel Flatmoen.

Skiløparar kom til frå fleire stader då det vart klart kva som hadde skjedd, så hjelpande hender var det mange av.

– Folk er veldig flinke til å stille opp når slike ting skjer. Vi sikra mannen med klatreselar, og så drog vi han opp, seier Flatmoen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sprekk 4

VART HEIST OPP: Den skadde mannen vart først heist opp frå sprekken av redningsfolka. Så vart han vidare heist opp i redningshelikopteret som flaug han til sjukehus.

Foto: OLAV STANDAL TANGEN

Kunne gått mykje verre

Idet mannen var komen opp, var Sea King redningshelikopteret på plass. Dei firte ned ein redningsmann.

– Og så vart mannen heist opp i helikopteret og frakta til sjukehus, seier Flatmoen.

Sjølv om redningsmannskapa kom så raskt som råd, var mannen likevel i sprekken i om lag ein time.

– Dette kunne gått mykje verre. Det er frykteleg stygt. Viss han til dømes hadde kilt seg fast mellom snøen og svaberget under, hadde vi hatt store problem med å få han ut, seier Flatmoen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøsprekk 2

STOR: Den årlege sprekken er så stor at han synes godt nede frå senteret.

Foto: OLAV STANDAL TANGEN

Er umogleg å sikre heile fjellet

Det er ikkje første gong han har opplevd at skikøyrarar har hamna i snøsprekka, sjølv om området er sperra med tau.

– Vi har strekt tau og sett opp skilt. Men når dei forserer sperringa, er det ikkje mykje vi kan gjere. Det er ikkje mogleg å fysisk å sikre heile fjellet. Kvar einskild må oppføre seg, seier Flatmoen.

Skitilhøva er ypparlege på fjellet no, og dette er ein av dei store helgane for skisenteret.

– Forholda er fantastiske. Det er yttarst sjeldan ein ser så mykje snø i fjellet til jonsok, seier Flatmoen.