Hopp til innhold

Nedleggingstrua nærbutikk om straumstøtta: – Forsiktig optimist

Straumprisane kveler økonomien for nærbutikken i Eksingedalen, og det er ingen jubel over pengestøtta frå regjeringa. – Forsiktig optimist, men dette må eg rekna på, seier butikkinnehavar Hege Marie Lavik.

Hege Marie Lavik

MÅ REKNA PÅ DET: Hege Marie Lavik er slett ikkje sikker på om straumstøtta kan halda liv i butikken hennar i Eksingedalen.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Fredag føremiddag la regjeringa fram tiltak som skal hjelpa norske bedrifter som slit med skyhøge straumrekningar.

  • Bedrifter som gjennomfører energikartlegging vil kunna få dekka inntil 25 prosent av straumprisen over 70 øre for månadane oktober-november 2022.
  • Bedrifter som i tillegg investerer i enøktiltak vil kunna få inntil 45 prosent av straumprisen over 70 øre.
  • Staten garanterer for 90 prosent av beløpet i nye banklån til bedrifter som står overfor ein akutt likviditetsmangel som følgje av høge straumutgifter. Lånegarantiordninga vil opna i november og vara til utpå våren 2023, viss det kjem godkjenning frå EFTAs overvakingsorgan (ESA).
  • Bedrifter som mottar tilskot kan ikkje ta ut utbytte i 2023.

– Seigpining

Blant dei som fryktar å måtta stenga på grunn av rekordhøge straumrekningar er daglegvarebutikken i Eksingedalen i Vestland. Straumrekninga for den vesle nærbutikken var nesten 35.000 kroner inkludert nettleige i august.

– Det verkar lovande. Eg er forsiktig optimist, men eg har ikkje fått rekna på det, seier butikkinnehavar Hege Marie Lavik rett etter at regjeringa har lagt fram tiltaka.

Ho har planar om å investera i nye kjølediskar og solcellepanel, men manglar pengar til dette. Lavik er usikker på om ho vil kunna få støtte gjennom dagens ordning.

Regjeringa vil tilby lån, men det er ikkje Lavik interessert i.

– Lån er berre seigpining, seier ho.

Stine Hoff, glassblåser

HAR SLÅTT AV OMNEN: Glasblåsar Stine Hoff i Bergen måtte slå av smelteomnen då ho fann ut at straumrekninga ville bli 57.000 kroner for august månad.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Altfor puslete

Glasblåsar Stine Hoff i Bergen har også følgt pressekonferansen med stor interesse. Hoff måtte stenga smelteomnen sin på grunn av høg straumpris.

Ho er på ingen måte imponert over korleis regjeringa vil hjelpa verksemda hennar.

– Dette er altfor puslete. Dei må koma med noko meir før eg kan starta omnen igjen, slår ho fast.

Det er bruken av smelteomnen som utgjer nesten heile straumforbruket i glassblåsarverkstaden. Omnen er heilt ny, og det er difor ingen enøktiltak som kan få ned forbruket.

Bedrifta hennar går ikkje med store overskot, sjølv med normale straumprisar, ifølgje Hoff. Å ta opp statlege lån har ho ingenting til overs for.

– Å betala straum med lån løyser ingenting, seier glasblåsaren.

Oddbjørn Maurdalen

FORNØGD: Dagleg leiar Oddbjørn Maurdalen i Furnes Jernstøperi fortel at fabrikken kan få minst 2 millionar i støtte.

Foto: Privat

Får minst 2 millionar

Men andre bedrifter ser meir positivt på ordninga, blant andre Furnes Jernstøperi i Stange.

Dagleg leiar Oddbjørn Maurdalen fortel at fabrikken kan få minst 2 millionar i støtte.

Maurdalen har sjølv fortalt om situasjonen til jernstøyperiet i fleire møte med regjeringa, og håpar pakka går raskt gjennom.

– Eg oppfordrar stortingspolitikarane til å slutta seg til ordninga som regjeringa har lagt på bordet, seier han til NRK.

– Vi ville ikkje gått med underskot utan støtte, men vi ville fått halvert resultatet vårt, seier han.

– Kvifor er det då likevel viktig å få støtta?

– Det er fordi at viss vi får den samme straumkostnaden i vinter som vi har hatt no frå august, ville bildet også for oss blitt prekært.

Vidar Fatland

SKUFFA: Vidar Fatland meiner slakteriet han driv ikkje vil få noko stønad, slik det ser ut.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Sjukt skuffa

Slakteriet Fatland på Jæren ligg i det dyraste straumpris-området i landet, og driv no med underskot, ifølgje Vidar Fatland som er ein av eigarane.

Dei har stoppa alle investeringar for å bruka pengane på straumrekningar i millionklassen. Men Fatland meiner dei ikkje vil få noko støtte gjennom den nye ordninga.

– I dag er vi sjukt skuffa, for vi får ingen stønad frå staten. Fatland har ansvar for 1000 arbeidsfolk og 5000 produsentar som er avhengige av oss. Dette er kjempealvorleg, seier Fatland.

Meiner det kjem for seint

Straumstøtta frå regjeringa er for liten og kjem for seint, meiner slaktar Jens Eide i Lillesand i Agder. Han har lenge engasjert seg i dei høge straumprisane.

Det som kjem er altfor lite og kjem altfor seint. Ikkje for seint for oss, men for seint for mange. Eg hadde jo håpa på mykje, mykje meir. Nå skal eg fordøya det som kjem, seier Eide.

Idar Haaland som eig slaktarbutikken Haaland Kjøtt på Klepp i Rogaland er glad for at det endeleg kom ei støtteordning. Men han må rekna på om og eventuelt korleis ordninga vil kunna hjelpa han.

– Vi må sjå på kor god ordninga er. Men den burde hatt tilbakeverkande kraft, for dette er berre snakk om ei trøysteordning som gjeld eit par månadar, i håp om at dei får fram ein fastprisavtale. Så eg er veldig skeptisk, og vi veit ikkje kva som skjer frå nyttår, seier Haaland.

Idar Håland

SKEPTISK: Idar Haaland som eig Haaland Kjøtt er skeptisk til ordninga som blei presentert i dag.

Foto: Odin Omland / NRK