Hopp til innhold

Slik råkar streiken Vestland

Tomme butikkhyller og ferjer som ikkje går er nokre av konsekvensane. Sjå lista over alle som går ut i streik i dag og fredag.

streik Stord

STREIK: Ei rekkje bedrifter er råka av streik. På Vestlandet har industriarbeidarar og ferjetilsette lagt ned arbeidet. Fredag slår fleire arbeidarar følge når streiken blir trappa opp.

Foto: Olav Røli / NRK

25.000 tilsette i LO og YS er i streik etter at meklinga mellom partane i lønsoppgjeret havarerte i går.

Dette får konsekvensar over heile landet. Her kan du sjå LO si nasjonale oversikt over alle som er tekne ut i streik.

Fredag varslar LO at 15.500 nye blir tekne ut i streik. Komplett liste over desse bedriftene blir kjent i løpet av dagen.

YS varslar at dei tek ut 460 nye medlemmer fredag.

Ferjer og hurtigbåtar råka

På Vestlandet slår streiken ut på ei rekkje område frå og med i dag.

Særleg vil dei reisande merke at ei rekkje ferjesamband er råka av storstreiken.

Mange av sambanda er viktige for pendlarar.

Les også Slik rammer storstreiken: Ferjetrøbbel og mulig chipsmangel

Streik. Kims Skreia

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen Dag Hole rår folk til å bruke meir tid til jobb.

– Truleg blir det rushtrafikk-problematikk som vil råke flest. I tillegg vil nokre ruter vere nattestengt, og det vil vere dårleg tilbod på kveldane enkelte stader, seier Hole.

Desse sambanda er råka:

Riksferjesamband:

  • E39 Halhjem – Sandviksvåg. To av fem ferjer, rute 4 og 5, er innstilt.
  • Anda-Lote i Nordfjord. Rute B er innstilt.
  • Oppedal – Lavik: Rute B er innstilt.

Ferjesamband på fylkesvegane:

  • Skjærsholmane – Ranavik
  • Gjermundshamn – Årsnes
  • Buavåg -Langevåg
  • Utne -Kvandal

Hurtigbåtar:

M/S Fjordkatt: Rute 2090 Knarvik – Frekhaug – Bergen.
M/S Tranen: Rute 2080 Sunnhordland- Austevoll- Bergen
MS Tyrving: Bergen – Sogndal
MS Frøya: Bergen – Selje – Bergen

Industritilsette legg ned arbeidet

Ei rekkje tilsette i industrien er også i streik.

Aker Solutions er blant desse, og her har 600 streikande på Stord lagt ned arbeidet.

– Det blir ikkje så mange igjen på verftet som får hjula til å gå rundt. Personleg trur eg ikkje det tar lang tid før eigentleg alt stoppar opp, seier han.

Subshore og Yabimo på Stord er også tekne ut. Totalt er det 1900 tilsette som streikar her no.

Hydro Årdal i Sogn går ut i streik for første gang. Her går det mot ei gradvis nedtrapping for å unngå øydeleggingar av ovenar og verdiar for store verdiar, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

Les også På denne industristaden streikar dei for første gong sidan krigen: – Det er nok no

Torleif Sand er leiar for Årdal Kjemiske Fagforening.

Desse bedriftene går ut i streik i Vestland måndag:

  • NBF avdeling Hordaland fylkeslag, Bergen
  • Bring Cargo International Noreg AS, BCI, Bergen
  • Bring Cargo AS, avdeling Bergen
  • ISS Facility Services AS, Eiendomsdivisjonen, Bergen
  • NORCE, avdeling samfunnsvitskap Bergen
  • Consto Bergen AS, Fellesforbundet
  • Adecco Solutions AS, Avd. Bygg & Anlegg Bergen
  • NORCE, avdeling Naturvitenskap Bergen
  • Caverion Noreg AS avdeling Bergen
  • Skanska Noreg AS, avd. Bergen
  • Drift og Eiendomsforvaltning As, Bergen
  • Veidekke Entreprenør AS Region Vest, Bergen
  • Anticimex As, Bergen
  • Veidekke Entreprenør AS Region Vest, Bergen
  • Anticimex As, avdeling Bergen
  • Polygon As, Avdeling Bergen, Ulset
  • Bertel O. Steen Bergen AS. Bilverkstad Nyborg
  • Recover, Fyllingsdalen
  • Bravida, Laksevåg, elektro
  • Bravida, Laksevåg
  • Rentokil Initial, avdeling Bergen
  • Veidekke Industri AS, fabrikk Bergen
  • STS gruppa AS, stillas, Nesttun
  • STS gruppa AS, stillas Nesttun
  • Aker Solutions, avdeling Bergen
  • Aibel AS avdeling Bergen
  • Aibel AS avdeling Bergen
  • Beerenberg Services AS, Kokstad
  • Bertel O. Steen Bergen, bilverkstad Kokstad
  • Bertel O. Steen. Hovudavdeling Indre Arna
  • Aibel AS Kokstad
  • Bertel O. Steen, bilverkstad Kokstad
  • Coca-Cola Europacific Partners Noreg, Bergen
  • Ringnes AS, Avd. Bergen
  • Hansa Borg Bryggerier AS, Bergen
  • Ringnes Supply Company, avd. Bergen
  • NBF Solvik syn- og meistringssenter, Ask
  • Austevoll Elektro AS avdeling produksjon, Kolbeinsvik
  • Aker Solutions AS, Stord verft
  • Aker Solutions AS, Stord verft
  • Subshore.no AS avdeling Stord
  • Subshore.no AS avdeling Stord
  • Aker Solutions AS, Stord Verft
  • Yabimo Noreg AS 5412 Stord
  • Leirvik AS, avdeling Stord
  • Leirvik AS, avdeling Stord
  • Aritech AS avdeling Meatjønnsvegen, Stord
  • Presis Vegdrift as, avdeling Lærdal
  • Presis Vegdrift as, avdeling Kaupanger
  • Caverion Noreg AS avdeling Bergen
  • Presis Vegdrift as, avdeling Voss
  • Presis Vegdrift AS, avdeling Bergen
  • Bergen Bydrift As, avdeling off. adm. Bergen
  • Nofima AS, Bergen
  • Veidekke Industri AS, Asf Førde
  • Veidekke Industri AS, Asf Hyllestad
  • Veidekke Entreprenør AS, avdeling Sandane
  • Veidekke Entreprenør AS, avdeling Sogndal
  • Hydro Aluminium AS, Årdal Karbon
  • Hydro Aluminium AS, Årdal Karbon
  • Hydro Aluminium AS, Årdal
  • Bilfinger E & M Nordics AS, Årdal
  • Hydro Aluminium AS, Årdal
  • Bilfinger E & M Nordics AS, Årdal
  • Veidekke Industri AS, P & g Hyllestad Pukk Leirvik i Sogn
  • Harald A. Møller. Klargjering av bilar stoppar opp
  • Medieselskapet Schibsted. Mistar tilgang til ei rekke funksjonar.
  • Felleskjøpet Agri SA. Åsane, Kokstad og Voss er råka i første omgang.
  • Rema sine butikkar får ikkje påfyll av varer
  • PostNord og pakkar som sendast herfrå når ikkje fram
  • Kjelde: YS og LO

Fredag blir ytterlegare bedrifter i Vestland tekne ut:

  • Magnus M. Thunestvedt AS, Bergen
  • Oneco Elektro AS, Laksevåg
  • Los Elektro AS, Bremnes
  • Austevoll Elektro AS Avd Installasjon, Kolbeinsvik
  • Austevoll Elektro AS Avd. Marine Service, Kolbeinsvik
  • Eviny Solutions AS, Bergen
  • Otera Infra AS, Nyborg
  • SCHINDLER AS, Nestun
  • TK Elevator, Åsane
  • OTIS AS, Godvik
  • Bergen Engines AS, Hordvik
  • Crane Norway Vest AS, Aksdal
  • FMC Kongsberg Subsea AS, Avd. Service Bergen, Ågotnes
  • Framo Flatøy AS, Frekhaug
  • Framo Fusa AS, Fusa
  • Framo Holsnøy AS, Frekhaug
  • Framo Services AS, Florvåg
  • Kongsberg Maritime AS, Hagavik
  • Pon Equipment AS Verksted Bergen, Blomsterdalen
  • Solidenergy AS, Ågotnes
  • Wärtsilä Norway AS avdeling Rubbestadneset
  • Wärtsilä Norway AS avdeling Stord
  • PostNord AS avdeling Skei
  • Contiga AS, avdeling Vest Herdla
  • Førde Sementvare AS avdeling, Førde
  • Førde Sementvare AS, Avd. Stryn
  • NOBI AS HERDLA
  • NOBI AS, avdeling Voss
  • Wergeland AS, Halsvik Cementstøperi Dalsøyra
  • Ølen Betong AS avdeling Vindafjord Ølensvåg
  • Moelven Modus AS, avdeling Bergen
  • Obos Block Watne Entreprenør AS Bergen
  • Vestrheim AS, Kokstad
  • REMA Distribusjon Noreg AS, Hylkje
  • Bergen Engines AS Engines-Bergen, Hordvik
  • FMC Kongsberg Subsea AS, avdeling service Bergen Ågotnes
  • Framo Flatøy AS, Frekhaug
  • Framo Fusa AS, Fusa
  • Framo Holsnøy AS, Frekhaug
  • Framo Services AS, Florvåg
  • Kongsberg Maritime AS avdeling Hagavik
  • NOBI AS avdeling produksjon Voss
  • Siemens Energy AS, avdeling Rubbestadnest
  • Wärtsilä Norway AS avdeling Rubbestadneset
  • Schibsted Distribusjon Vest AS, avd. Bergen, Godvik
  • Flyt AS, Bergen
  • Skyttel AS, Bergen
  • Frydenbø Bilsenter AS, Minde
  • Frydenbø Bilsenter AS avdeling Åsane
  • Wärtsilä Norway AS avdeling Rubbestadneset
  • Schenker AS, avdeling Bergen
  • Førde Sementvare AS, Førde
  • Avery Dennison NTP AS Gaupne
  • Elkem ASA, Bremanger, Svelgen
  • Elkem ASA, Bjølvefossen Ålvik
  • IKM Laboratorium AS, Kokstad
  • Nordfjord Kjøtt AS, Loen
  • Nortura Sogndal
  • O Kavli AS, Nesttun
  • Jacobs Douwe Egberts Noreg AS Nesttun
  • Gudvangen Stein AS, Gudvangen
  • DC Eikefet Aggregates AS, DC Resources Norway, Vikanes
  • Fana Stein & Gjenvinning AS, Avdeling behandling av avfall, Rådal
  • Dc Halsvik Aggregates AS, Vikanes
  • Bremanger Quarry AS, Svelgen
  • Franzefoss Gjenvinning AS avdeling Knarrevik
  • Franzefoss Gjenvinning AS avdeling Eide, Ågotnes
  • NCC Industry AS, avdeling Arna