Hopp til innhold

Fann stranda kval - no jobbar dei på spreng for å redde dyret

Ein kval har stranda på Grotlesanden i Bremanger, og trass i fleire forsøk på å skubbe han ut på djupna, har ein ikkje lukkast. No prøver dei å dra kvalen ut på djupare vatn med båt.

Stranda kval på Grotlesanden

LIGG FAST: Kvalen ligg fast på grunna ved Grotlesanden.

Foto: privat

– Kvalen ligg på land og ligg godt fast. Vi har prøvd å få han ut att, men han berre snur og sym mot land att, seier Anne Karin Aalhus.

Kvalen vart oppdaga i 10-tida, og sidan har folk prøvd å få dyret ut der han kan symje for eiga maskin.

– Eg er berre på besøk her ute. Han som eg er på besøk hjå var ute og gjekk på tur. Då såg han at kvalen låg der, seier Aalhus.

Verkar å vere veldig leiken

Ho vart straks med for å sjå på dyret, som skal vere om lag tre og ein halv meter langt.

– Eg tenkte at eg måtte ut og kjenne litt på han. Eg er veldig glad i kvalar, og tykkjer dei er flotte dyr, seier Aalhus.

Ho fortel at ho ikkje veit kva type kval det er snakk om, men at han er lysegrå, på grensa til kvit, på undersida.

– Og så er han gråaktig på oversida. Nokon som var og såg på han, meinte at han må vere om lag fire år, seier Aalhus.

Kvalen verkar å vere leiken, og har ikkje noko i mot selskap.

– Når vi klarar å snu han, så sym han rundt føtene på oss. Når vi går derifrå, så fer han inn att til land, seier Aalhus.

Trist viss han må late livet

Ho har vore med på å skubbe kvalen ut frå der han har lege fast, men dessverre utan resultat.

– Han snur seg berre for at vi skal stryke han på magen, og så snur han seg inn att på sanden når vi går. Eg veit ikkje heilt kva det er, om han ikkje vil leve lenger, eller kva det er, seier Aalhus.

Ho håpar forsøket med å dra kvalen til havs med båt, no skal lukkast.

– Det er så flotte dyr, og det er frykteleg trist viss han skal ende sine dagar her på ein slik måte. Vi prøver ein gong til, men viss han fer inn att då, så må han vel berre få lov til det, seier Aalhus.