Hopp til innhold

Dette fekk fart på diskusjonane

Bremanger-lensmannen brukte Facebook då han i sommar kom med ein peikefinger til slepphendte foreldre. – Eit typisk innlegg som vil få mykje merksemd og bli spreidd, seier ekspert om innlegget som har nådd 250.000 personar.

Espen Gulliksen og Facebook-innlegg

LOVBROT KVAR DAG: Kvar einaste dag denne sommaren skjer det lovbrot i Bremanger. Lovbrot som ikkje alle foreldre synest det er so nøye med, skreiv lensmann Espen Gulliksen i sitt innlegg på Facebook i sommar.

Espen Gulliksen er lensmann for knappe 4000 innbyggjarar i Bremanger. I ferien såg han seg lei på at foreldre let barna få lov til ting som ikkje er lov, og kom med eit kvast innlegg på Facebook. – Gjer barna ei teneste, sett grenser, var den klare oppmodinga.

Over 3300 personar likte innlegget og 1300 delte det vidare. Ifølgje Gulliksen har innlegget nådd ut til 250.000.

– Det gler meg. Eg har fått mykje støtte og ros for at eg torer å setje fingeren på noko som er eit problem.

Glad han valde Facebook

Som lensmannsbetjent var det Gulliksen som hausten 2012 oppretta Facebook-sida til politiet i Bremanger. Tanken var å bruke sida for raskt å spreie informasjon til mange.

Då lensmannen nyleg bad foreldra i kommunen om å skjerpe seg, synte sida seg svært effektiv.

– Kvifor valde du å bruke Facebook til å dele dette, du kunne til dømes ha gått ut i media?

– Det var eigentleg ganske impulsivt. Teksten kom av seg sjølv, eg las godt gjennom så eg visste kva som stod der.

– Du nådde ut til veldig mange, hadde du fått same merksemda om du ikkje hadde brukt Facebook?

– Eg trur ikkje alle hadde sett det då.

– Riktig val

Alf Tore Meling er ekspert på offentlege etatar sin bruk av sosiale medium. Han trur Gulliksen valde rett arena for å få ut bodskapen sin.

– Dette er eit typisk innlegg som vil få mykje merksemd og blir spreidd. For å få det distribuert i heile Norge så er det heilt klart at Facebook er den rette kanalen.

– Om han ville avgrense det til sambygdingane, ville han kunne nådd ut med ein kronikk i lokalavisa. Men mange les ikkje lenger lokalavisene, så i sum gjorde han eit riktig val med å bruke Facebook.

Vil gjere begge deler

Helge Bakke

AKTUELT TEMA: Helge Bakke er lærar og driftsleiar på ein av skulane i Bremanger. Han seier teamet lensmannen tek opp er eit viktig tema, som har vore diskutert i mange år. – Dette vart ei påminning som nådde mange.

Foto: Privat

Det trur også lærar og driftsleiar ved Davik oppvekst, Helge Bakke. Han seier innlegget har blitt diskutert rundt mange middagsbord i kommunen i sommar.

– At lensmannen med dette nådde langt fleire enn med eit avisinnlegg, det er eg ikkje i tvil om. Dette er ein lur måte for lensmannen å nå ut til mange på, seier Bakke.

For Gulliksen er responsen eit bevis på at bruken av Facebook er verdt tida og ressursane som blir brukt.

– Eg når ikkje ut til ein kvart million menneske med å køyre rundt i bil i Bremanger, eg når like godt ut på Facebook. Men eg kan gjere begge deler.