Hopp til innhold

Slik meiner aktor at mora til tiltalte prøvde å skjule drapet på Sebastian (21)

BERGEN TINGRETT (NRK): Mora (50) til drapstiltalte skal ifølge statsadvokaten ha prøvd å brenne sonen sine blodige klede og vaska sengetøyet der Sebastian Seterås vart utsett for vald.

Bevisbilder politiet drapet i Fyllingsdalen

BLOD OG SVIMERKER: Krimteknikarar fann ein grå hettejakke med brennmerker på skuldra og blodflekkar nederst på venstre arm.

Foto: Politiet

22-åringen som er tiltalt for drapet på Sebastian Seterås (21) i Fyllingsdalen natt til 23. mars 2018, har i Bergen tingrett denne veka forklart at han ønskte å fingera eit sjølvmord.

I naudsamtalen med politiet fortalde 22-åringen at kameraten hadde «kasta seg sjølv utanfor sjuande etasje og tatt sjølvmord».

Statsadvokaten meiner mora (50) til drapstiltalte også har spelt ei viktig rolle – i å prøve skjule eit drap.

I tillegg til å vere tiltalt for å ikkje ha skaffe Seterås helsehjelp, er ho tiltalt for å ha prøvd å fjerne og øydelegge bevis.

Sebastian Seterås ble funnet drept i Fyllingsdalen mars 2018

DØDE: Sebastian Seterås (21) vart funnen på bakken utanfor blokka i Fyllingsdalen 23. mars 2018.

Foto: Privat

Skal ha vaska sengetøy og blod frå golvet

Det var hektisk aktivitet på telefonane til begge tiltalte i timen etter at Seterås ifølge tiltalen var utsett for grov vald og fram til politiet vart kontakta klokka 04.25.

Men ifølge statsadvokaten har dei tiltalte også brukt tid på ulike ting inne i leilegheita. I retten har aktor Benedicte Hordnes påpeikt at det er pausar i telefonaktiviteten:

  • Sonen har to opphald i telefonaktiviteten på over elleve minutt kvar, mellom 03.51 og 04.20.
  • Mora har to opphald på sju og ti minutt mellom 03.58 og 04.16.

Klokka 04.17 ringer mora dottera, og seier «han berre ligg der, han berre ligg der». Åtte minutt seinare kontaktar mora ambulanse, og sonen politiet.

50-åringen var lenge sikta for medverknad til drap, men Riksadvokaten meinte det mangla bevis for å ta ut tiltale. No skal aktor Hordnes i staden prøve å overtyde Bergen tingrett om at mora fjerna bevis og ikkje skaffa Seterås naudsynt hjelp.

Statsadvokaten meiner mora i dei ledige minutta mellom telefonsamtalane:

Montasje høgblokk i Fyllingsdalen og telefonbevis

TELEFONAKTIVITET: Totalt 27 oppringingar gjorde dei to tiltalte mellom 03.38 og fram til dei ringde politi og ambulanse klokka 04.25.

Foto: NRK/Politiet

Fann tørre klede i vaskemaskina

Funn av glasskår og blod på senga på eit av soveromma, samt ei knust flaske på kommoden ved sida av, gjorde at politiet etter kort tid bestemte seg for å stenge av leilegheita i høgblokka.

Krimteknikarar gjekk inn for å sikre eventuelle spor.

I vaskemaskina fann dei skitne og tørre klede framst. Bak låg fuktig sengetøy som lukta nyvaska.

Då dei tok ut dei tørre kleda, oppdaga dei blodflekkar og svimerker på ein mørkegrå hettejakke.

Undersøkingar viste seinare at blodet stamma frå avdøde Seterås.

– Det er nok høgst sannsynleg at eg fekk blod på kleda, sa den drapstiltalte i retten måndag.

– Var det du som la kleda i vaskemaskina, følgde aktor Hordnes opp.

– Nei, det var det ikkje, svara mannen.

Mora, som ikkje vil forklare seg i retten, nektar straffskuld. Bevisfjerning kan gi ei straff på inntil to års fengsel.

Soverom drapssak leilighet Fyllingsdalen

KNUST SPRITFLASKE: Då den første politipatruljen kikka inn på soverommet i leilegheita, såg dei ei knust spritflaske på kommoden og blod og glasskår i senga.

Foto: Politiet