– Det plar vere stor trafikk frå dag ein. Ein del utanlandske bilar har allereie hatt bomtur og måtte snu, så det skal bli veldig godt å få opna fjellet att, seier Sigurd Årskaug.
Femdobla førehandsbooking
I dag opnar både Sognefjellet og Gaularfjellet etter vinterstenging. Fjellovergangane vil den første tida likevel vere nattestengd frå klokka 20 til 08.
OPNAR: Frå i ettermiddag kan bilane igjen køyre over Sognefjellet.
Foto: WebkameraMellom stengingane vil venteleg utkikspunktet Utsikten på Gaularfjellet lokke godt med reisande til den nasjonale turistvegen. Og godt med overnattingsgjester til Flatheim friluftsgard.
– I fjor hadde vi kring 600 gjestedøgn og gjester frå 39 nasjonar. Ut frå førehandsbestillingane ser det ut il å bli ein god sesong. Den er fem gonger så høg som på same tid i fjor, seier Årskaug.
Spesielt utlendingar
ARKIVFOTO: Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug driv Flatheim friluftsgard på Gaularfjellet.
Foto: Steinar Lote / NRK– Utviklar sesongen seg slik som førehandsbestillingane, så må vi hive oss rundt å få gjort noko, humrar Årskaug til og siktar til overnattingskapasiteten. Friluftsgarden har fem-seks romeiningar.
Opninga av Utsikten
.- Les også:
POPULÆR: Utkikspunktet på Gaularfjellet er lagt merke til i utlandet.
Foto: Jiri Havran / Jiri Havran– Utsikten er veldig «hot» i utlandet. I fjor hadde vi mest norske gjester. I år har vi i tillegg veldig mykje utlendingar. Like etter Grüne Woche i vinter fekk vi fleire bestillingar frå Tyskland, seier Årskaug.
Ventar stor trafikk
Vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier at han siste vekene har fått telefonar med spørsmål om opning av nettopp Gaularfjellet og Sognefjellet.
– Hatt del spørsmål alt frå før påske frå folk som ville over eller opp i snøen på Sognefjellet. Vi har også fått telefonar frå dei som vil opp på Gaularfjellet, seier han.
– Ut frå førespurnaden siste vekene så vil det bli ein del trafikk over desse fjellovergangane, avsluttar Erikstad.