Hopp til innhold

Slik les du 21-dagars­varselet på Yr

Nyleg kom Yr sitt 21-dagars varsel i appen. Men korleis forstå 50 prosent sjanse for regn og forventa temperatur mellom 20 og 30 grader?

21-dagersvarsel

LANGTIDSVARSEL: Før sommaren kom Yr sitt 21-dagarsvarsel i appen. Dette er eit litt anna type vêrvarsel enn det vi er vande til.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I januar blei vêrtenesta Yr sitt 21-dagarsvarsel rulla ut på nett.

No har varselet også komme i appen.

Men kva betyr vêrvarslinga eigenleg når meteorologen melder 50 prosent sjanse for regn eller forventa høgste temperatur mellom 17 og 21 grader?

Kan ikkje vêret då blir kva som helst?

Forskar, Anders Sivle, på Meteorologisk institutt i Bergen stadfester at 21-dagarsvarselet er eit litt anna type vêrvarsel enn det vi er vande til.

Han har ansvaret for vêrmeldingstenesta hos Meteorologisk institutt.

Vi har blitt veldig vande til at du kan gå inn på ein dag og sjekke time for time korleis det blir, mens dette varselet er i langt større grad basert på sannsyn for korleis det kan bli.

Les også Skal gi deg værmeldingen 21 dager fram i tid

Måne på blårosa himmel med frostdekte greiner i forgrunnen. Saltfjellet.

Sjå på trendane, heller enn temperaturen

Temperaturvarselet viser ein mørkeraud stolpe og ein lyseraud stolpe.

Den raude stolpen viser den mest sannsynleg høgste og lågaste temperaturen i løpet av ein dag.

Den skraverte stolpen viser usikkerheita i varselet. Viss det skraverte området er veldig stort, betyr det at vêrvarselet er veldig usikkert.

For min del bruker eg gjerne varselet viss eg skal velje mellom to helgar til å gå ein fjelltur eller den typen ting. Då kan eg velje helg basert på kva som ser mest sannsynleg ut til å bli varmt, seier forskaren.

21-dargarsvarselet for Sogndal

På dette 21-dagars temperaturvarselet for Sogndal er det stor usikkerheit knytt til temperaturen, men trenden viser at temperaturen (kanskje?) held seg stabil.

Foto: Skjermdump yr.no

Sjå om 21-dagars varselet viser temperatur 21 dagar fram i tid, kan det vere meir nyttig er å heller sjå på trenden enn vêrvarselet som eit dag for dag varsel.

Då kan du sjå om vi går varmare eller kaldare periode i møte, heller enn å sjå på dei konkrete temperaturane.

Og kva med regnet?

Nedbørsvarselet er kanskje hakket vanskelegare å skjønne, men ifølge Sivle er det same måte å tenke på som med temperaturvarselet.

– Viss du har høge søyler på grafen, er det gode sjansar for at det kjem noko regn dei dagane. Viss det er låge søyler, er det størst sjanse for at det blir tørt.

Også dette varselet er delt inn i to fargar, ein lyseblå farge og ein mørkeblå, som viser sannsynet for nedbør.

Den lyseblå fargen viser sannsynet for at det kjem noko nedbør, mens den mørkeblå fargen sannsynet for at det kjem mykje nedbør.

21-dagars regnvarsel for Sogndal

Dette 21-dagarsvarselet viser at det er om lag like stort sannsyn for regn og opphaldsvêr. Det er større sannsyn for det kjem litt nedbør, enn mykje nedbør.

Foto: Skjermdump yr.no

– Sjølv om det er gode sjansar for at det kjem litt regn, kan regnet berre vare nokre timar og resten av dagen kan likevel vere tørr.

Dersom varselet viser 50 prosent sannsyn for nedbør, er sjansen like stor for både og regn og opphaldsvêr.

– Det står ikkje direkte, men alle dagane som er mindre enn 50 prosent sjanse, er jo eigentleg mest sannsynleg at det ikkje kjem den regn, seier Sivle.

Samstundes må du huske på at regnet kan slå til dersom det er låg prosent for at det kjem, og at det kan bli tort dersom det er høg prosent sjanse for regn.

Viss du tenker at 30 prosent sannsyn for regn alltid betyr at det ikkje kjem noko, får du rett i dei fleste tilfella. Samstundes risikerer du også å bli litt skuffa nokre gonger, sidan det vil regne tre av ti gonger du har eit slikt varsel.

Han tilrår folk til å bruke varselet sjølv, bli litt kjend med det og korleis det slår ut.

Les også Du må være smartere enn du tror når du leser værmeldingen

Anders Wiik værmelding matematikk UiA-forsker. Viser forskjellen på en værmelding fra 1945 og 2015. Ferdig tolket vs. må tolkes selv.