Hopp til innhold

– Ein god kaffitype og vatn er det du treng

Med denne enkle oppskrifta kan du lett imponera med god kaffi ute på tur.

Kjetil Russenes

GLAD I FRILUFTSLIV: Kjetil Russenes driv Sognefjord Kaffibrenneri, og er glad i å koma seg ut på tur.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ein god kaffitype og vatn er det du treng. Så enkelt er det, seier kaffibrennar og friluftsmann Kjetil Russenes.

Kaffe på bål

BÅLKAFFI: Kokekaffi laga over bålet gjer nytten like bra som

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Nordmenn er blant dei i verda som drikk mest kaffi, berre slått av finnane. 12 millionar koppar heller me i oss kvar dag. Morgonkaffien heime, frå kaffimaskina på jobb, frå ein kaffibar – eller ute i naturen.

Turkaffi = god kaffi

Det finns å laga seg ein kopp med kaffi ute i skog og mark på. Men kaffibrennar Kjetil Russenes, som har base i friluftsbygda Sogndal, fortel at du kan eit like godt resultat med heilt enkle hjelpemiddel, som med meir avanserte innretningar.

– Du treng ikkje fancy utstyr for å få ein bra kopp med kaffi. Vatn og god kaffi er det viktigaste. Og å halda styr på tid og mengde. Gjer du det riktig, får du ein strålande kopp kaffi.

Kjetil Russenes

FEKK IDEEN VED BÅLET: Russenes starta med kaffibrenning for litt over eit år sidan, men har allereie rukke å bli anerkjent i bransjen. Under Nordic Roaster Forum i Oslo i september vart han nummer tre, hårfint bak Tim Wendelbo, som Russenes skildrar som kaffiens rockestjerne. – Det er ekstra kjekt at bransjen seier eg gjer det bra.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

«Kokekaffi er ein bra tradisjon»

Ifølgje Norsk Kaffeinformasjon er det berre fire prosent av oss som vanlegvis drikk kokekaffi. Men på tur kvir ikkje Russenes seg for å ta fram ein god, gamaldags kaffikjele.

– Folk blir veldig opphengt i om kaffibønnene er kokmalt, presskannemalt eller filtermalt. Det er ikkje så farleg, så lenge trekketida står til kvernegraden. Eg brukar oftast filtermalt, uansett om eg lagar kokekaffi på bålet ute, då eg syns det er lettare å få eit godt resultat med den. Men då kan ein ikkje herja så mykje med kjelen, for gruten virvlar lettare opp når kvernegraden er finare, seier Russenes.

Kjetil Russenes på Røvhaugane i Sogndal

NYT KAFFIEN UTE: Her frå Røvhaugane i Sogndal, med utsikt innover Barsnesfjorden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK