Slik låg MS Nyksund og dreiv på bølgene på Stadhavet i natt

Frakteskipet MS Nyksund frå Troms fekk slagside i full storm på Stadhavet i natt. Redningsskøyte og redningshelikopter måtte bli tilkalla for å hjelpe til.

MS Nyksund i havsnød

SKIP I TRØBBEl: Det var full storm då redningsskøyta Simrad Buholmen kom fram til havaristen i natt.

Foto: Thomas Esp

– Det er ubehageleg når sånt skjer før ein får full oversikt over situasjonen. Vi starta umiddelbart med ballast for å rette opp båten, seier kaptein på MS Nyksund, Marvin Sørensen.

Fraktebåten MS Nyksund fekk trøbbel med slagside i Sildagapet ved Selje i går kveld. Vêret var dårleg og bølgene var høge på det vêrharde havstrekket, der skipstunnel lenge har vore eit høgt ønske.

– Det var litt dramatisk når det skjedde i mørket og i dårleg vêr. Med slagside blir ein usikker på korleis det skal gå. Det var nok ingen god oppleving i starten, seier Ola Vaage som er redningsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola.

– Det er ubehaglig når sånt skjer

MS Nyksund går i rute mellom Stavanger og Tromsø og var på veg nordover.

– Vi skulle over Stadhavet og var klar over at det var dårleg vêr, men vi hadde kontakt med båtar som kom andre vegen, så då fann vi ut at vi skulle forsøke. Rundt kl. 22.30 fekk vi sjø i sida på båten, som gjorde at delar av lasta flytta på seg. Det førte til ei slagside på 15 til 20 grader, seier Sørensen.

Mannskapet og kapteinen fekk oppleve Stadhavet på noko av sitt mest krevjande, meiner Sørensen.

– Det var ein liten, til full storm i kasta. Bølgehøgda varierte frå seks til ti meter. Rett og slett ein krevjande vêrtype.

MS Nyksund

DRAMA PÅ STADHAVET: MS Nyksund som går i rute mellom Stavanger og Tromsø fekk slagside på Stadhavet.

Foto: Reiarlaget

Måtte tilkalle hjelp

Mob-båten Simrad Buholmen i Måløy og Sea King frå Florø vart sendt ut til fraktebåten med slagside.

– På ein halvtime var situasjonen under kontroll. Fraktebåten vart frakta til Måløy, og helikopteret fekk beskjed om å fly tilbake til Florø

Opplevinga sette ein støkk i mannskapet på seks.

– Dei opplevde det som ubehageleg, men eg tykkjer dei takla det bra. Mannskapet gjorde det dei skal gjere når ein sånn situasjon oppstår. Det går bra med alle mann. No har vi fått oss ein god frukost og ei lang natt med søvn, seier ein letta kaptein.