Hopp til innhold

Slik ladar dei opp til viktige kampar

Sommarvarme, god mat og mykje trening skal få Førde-herrane i toppform før innspurten i eliteserien.

Førde volleyballklubb

OPPLADING I SOLA: Førde-herrane kosar seg på treningsleir i sommarlege temperaturar på Kypros.

Foto: Privat

– Turen til Kypros er ein kombinasjon av det sosiale og ein treningsleir. Vi får god lagbygging og gode utviklingsmoglegheiter, seier Jan Egil Tvinde som er trenar for herrelaget til Førde volleyballklubb.

Ei veke på treningsleir rett før sesongen er avslutta, er ikkje heilt vanleg for volleyballklubben. Ideen kom frå sonen til trenaren.

– Lars Fredrik har kontaktar etter han var her førre sesong. Han kjenner lag slik at vi kunne få greitt med motstand, seier Tvinde.

Viktige kampar

Heime i Norge er laget ferdig med grunnserien i eliteserien. No er dei klare for sluttspelet, med første semifinalekamp neste helg. Då er det viktig med god kamptrening på Kypros.

Tysdag spelte dei uavgjort 2–2 mot Pafiakos. Neste kamp var mot Salamina, som er klare for cupfinalen på Kypros. Denne treningskampen vann Førde-laget 3–0.

– I dag er det kviledag, men i morgon og søndag er vi klare for nye motstandarar, fortel han.

Dei to laga dei har møtt så langt, er på nivå med dei norske som er midt på treet i serien. Dei har også profesjonelle spelarar på laga, frå andre stadar i verda.

– Dette blir hovudoppkøyringa til sluttspelet. Det er kjekt å møte lag vi ikkje har spelt mot før. Det er verdifullt for oss og vi spelte bra i dei to første kampane.

Førde volleyballklubb på Kypros

STOR HALL: Kamp nummer to blei spelt i Limassol mot Salamina. Det var ein diger hall og minst 25 meter under taket.

Foto: Førde volleyballklubb

Ingen latmannstur

I tillegg til kampar blir det også daglege treningar. Tvinde trur dei er godt budde no, for det er ingen latmannstur dei er på.

– Dei vi møter til kamp her har også viktige kampar framfor seg.

– Men saknar de ikkje påskefjellet i Norge?

– Nei, det er vanskeleg når vi har slike gode forhold. Her er det 20–25 grader og sol, så vi saknar ingenting.

Førde er klare for semifinale i eliteserien og møter NTNUI i Gaularhallen 2. april. Returkampen blir spelt helga etter. Utfallet av desse kampane avgjer om Førde-laget får spele finalen mot anten Nyborg eller BK Tromsø.