Hopp til innhold

Slik kjem du deg ut av ein brennande tunnel

Det kan stå om liv eller død i ein tunnel der det har brote ut brann. – Køyrer du ofte i tunnel bør du kjenne til kva du skal gjere i ein slik situasjon, seier ekspertane.

Tunellbrann

MÅTTE EVAKUERE: Det oppstod kaos og panikk inne i Fjærlandstunnelen, mellom Jølster og Fjærland i Sogn og Fjordane, då ein feiebil byrja å brenne måndag kveld.

Foto: OLE ANDRÈ REKKEDAL / NRK

Gunnar Jensen, seniorforsker i Sintef

Gunnar Deinboll Jenssen har forska på trafikksikkerheit og tunnelbrannar.

Foto: NRK

– Stresset aukar og orienteringssansane kan slå ut. Med mykje røyk kan det vere vanskeleg å sjå lengre enn ei armlengde og å vite kva retning som er kor, seier Sintef-forskar Gunnar Deinboll Jenssen.

Kvart år vert det i gjennomsnitt registrert 25 brannar i norske tunnelar. Dei fleste utan store konsekvensar, men enkelte gongar kan følgjene verte dramatiske. Slik som i Fjærlandstunnelen måndag.

Derfor kan det vere lurt å reflektere over kva ein må gjere, før ein hamnar i ein slik situasjon.

Varsle, sløkke eller evakuere

Jenssen legg vekt på at ulike tunnelar kan ha ulike evakueringsutgangar. Tunnelar med to løp der trafikken går i kvar si retning har ofte naudutgangar over i det andre løpet, der røyk ikkje kan trenge gjennom. Slik er det ikkje i mange av tunnelane på Vestlandet som berre har eitt løp.

Det viktigaste er uansett å få varsla om brann, forsøke å sløkke brannen eller evakuere dersom det ikkje er mogleg.

Dette er ekspertane sine råd:

Grafikk over hvordan røyk beveger seg i tunneler

RØYKUTVIKLING: Slik bevegar røyken seg i ein tunnelbrann. Først vil røyken trekke oppover før den fell ned og fyller heile tunnelløpet.

Foto: GRAFIKK/Marco Vaglieri / NRK

Bli sitjande eller evakuere frå bilen?

Det vert gitt ulike råd om kor vidt ein bør forlate bilen eller bli sitjande og vente på berging. I utgangspunktet er det sjølvbergingsprinsippet som gjeld, i tråd med den norske tunnelsikkerheitsforskrifta.

– Dei som er nærmast og ser brannen kan sjå om det er mogleg å køyre forbi, medan dei som er bak berre opplever dette som ein kø. Det var dette som skjedde i Gudvangatunnelen, der fleire stod fast, forklarer Jenssen.

I bilen kan ein verte skjerma for røyk ein periode, men det er viktig å kome seg unna dersom situasjonen utviklar seg eller ein ikkje har kontroll over kva som brenn.

– Vi har eksempel der det har vore tankbilar som har tatt fyr, og drivstoff har runne utover i tunnelen. Det kan også vere anna materiale i brann som skapar giftig gass. Då gjeld det å kome seg raskast mogleg ut.

– På veg ut bør ein dekkje til ansiktet eller halde seg lågt der det er mest oksygen. Røyken er varm og går oppover, forklarer Leif Linde, fungerande brannsjef i Bergen.

Likevel er det ikkje alle brannar ein treng å evakuere frå.

– Ein vanleg bilbrann er som regel raskt over og utgjer ikkje stor fare for andre enn dei som er nærmast.

Det er viktig å få eit visst overblikk skal ein avgjere kor vidt ein bør evakuere.