Slik kan du unngå muskel- og skjelettplager på heimekontor

Som tusenvis av nordmenn har flytta kontoret heim. Ergoterapeut råder folk til å henta utstyr frå jobben.

Endre Erdal og Aleksandra Groos Dyvik jobber frå heimekontor

HEIMEKONTOR: Endre Erdal og Aleksandra Groos Dyvik har heimekontor. Det har gått fint til no, men skal dei jobba slik mykje lenger vil dei henta PC-skjermar og kontorstolar heim frå kontoret.

Foto: Privat

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det vert litt meir tungvint å jobba når ein går frå å ha to store skjermar til ein liten berbar PC, seier Aleksandra Groos Dyvik.

At dei har laga til heimekontor på matbordet er ikkje tilfeldig.

– Viss ein sit i sofaen vert det ei litt meir avslappa stemning. Det er der ein vanlegvis ser på seriar, fjernsyn og slikt. Me vert meir fokusert om me har ein fast arbeidsplass, som akkurat no er ved matbordet.

Dei synest det har gått greitt å jobba heimanfrå til no, men dei har merka nokre vesentlege forskjellar. Dei har til dømes mista moglegheita til å tilpassa arbeidsplassen med hev og senk-pult og gode kontorstolar.

Aleksandra Groos Dyvik jobber på heimekontor

KJENT FOR MANGE: Slik er det nok mange matbord som ser ut for tida.

Foto: Endre Erdal / Privat

Hent heim kontorutstyr

– Det er nok mange som kjem til å kjenna på både muskel- og skjelettplager av å sitta på heimekontor. Då er det kroppen som seier ifrå om at han ikkje er så nøgd med arbeidsstillinga din.

Bedriftsergoterapeut Johanne Gjesdal Mo tilråder dei som har moglegheit til det å henta heim kontorutstyr frå arbeidsplassen for å førebygga smerter.

– Dersom du kan ta med deg tastatur, datamus og skjerm har du kome langt.

Det er likevel ikkje alle som har moglegheit til å få med seg utstyr heim. Gjesdal Mo har fleire tips til korleis ein kan gjera arbeidsplassen heime betre. Ho seier at dei som har tilgang til eit eksternt tastatur og datamus kan setta den berbare PC-en opp på ein boks eller ei bunke med bøker. Då kan du få skjermen i augehøgde og kan sitta med ein rett nakke.

Johanne Gjesdal Mo har byggd opp bærbar PC på heimekontor for å få ein bedre arbeidsstilling.

BETRE ARBEIDSSTILLING: Bedriftsergoterapeut Johanne Gjesdal Mo i Stamina Bedriftshelseteneste viser korleis ein kan gjera arbeidsplassen betre sjølv om ein ikkje kan ta med seg utstyr heim frå kontoret.

Foto: Privat

– Det er viktig å finna seg eit bord med god arbeidsflate. To tredelar av underarmen bør kunna kvila på bordet. Høgda på stolen bør vera slik at armane kan kvila på bordet utan at du må sitta med høge skuldrer.

Lurt å bevega seg

– Det er ikkje slik at det er éi optimal arbeidsstilling. Kroppen vår er mest glad i variasjon. Dersom eg skal koma met eitt tips er det å variera arbeidsstilling, seier Gjesdal Mo.

I tillegg til å sikra god arbeidsstilling seier ho at det er viktig med bevegelse gjennom arbeidsdagen. Både for å auka sirkulasjonen i kroppen og for å gje hovudet ein pause.

– Små bevegelsar, som å rulla på skuldrene eller strekka på armane kan vera lurt å gjenta kvart tiande minutt. Og så er det anbefalt at ein tek litt lengre pausar etter tre kvarter. Då kan du gå ein tur på eit par minutt eller gjera litt husarbeid. All bevegelse er god bevegelse.

Endre Erdal sjonglerar

SJONGLERER: Endre Erdal sjonglerer for å få bevegelse i kroppen gjennom arbeidsdagen.

Foto: Privat

Har begynt å sjonglera

På heimekontoret til Groos Dyvik og Erdal har dei allereie lagt inn slike pausar.

– Endre har til dømes begynt å sjonglera for å få avbrekk frå jobben fortel Groos Dyvik.

– Ja, det vert litt sjonglering mellom slaga, stadfestar Erdal.

Og om dei må jobba frå stova mykje lenger vil dei gjera som Gjesdal Mo råder og henta heim stolar og skjermar frå arbeidsplassane sine.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.05.2020
8383
Smittet
34
Innlagt
235
Døde