Hopp til innhold

Slik hugsar du namna på alle i den nye regjeringa

Korleis skal vi hugse alle dei nye namna i regjeringa? Det kan Oddbjørn By hjelpe deg med.

Ny regjering ved kongens bord

KAN DU ALLE NAMNA: No kan du lære deg ein teknikk for å hugse kva medlemmene i regjeringa heiter og kva departement dei er ansvarlege for.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Oddbjørn By

GOD HUKOMMELSE: Oddbjørn By frå Førde lever av å lære vekk hugseteknikkar.

– Alle kjenner Siv og Erna. Dei to hugsar alle, då er det verre med dei andre 16 statsrådane, seier Oddbjørn By.

Sunnfjordingen er forfattar og foredragshaldar innan hugseteknikkar. Han brukar ulike teknikkar for å hugse betre og raskare.

By har skrive fleire bøker om temaet og er tidlegare verdsrekordhaldar i hukommelse.

Heng kunnskapen på knaggar

Det å hugse namn og departement er ikkje enkelt. Men ved å plassere dei i eit kjent landskap får du fleire knaggar å henge kunnskapen på. No vil By hjelpe deg til å hugse alle namna i den nye regjeringa.

– Dette er ein fin teknikk og det er lurt å setje folk i eit kjent landskap eller område. Etter kvart blir ministrane meir omtalt i media og ein slepp å bruke slike teknikkar, seier By.

For då vår nye statsminister Erna Solberg (H) presenterte den nye statsrådane førre onsdag, var det mange nye namn å lære.

Slik lurer du hjernen

Trikset er å visualisere og sjå noko for deg. Då lurer du hjernen til å tru at du har opplevd det.

– Det du har opplevd, kan vere enklare å hugse enn det du har høyrt eller lest.

For å hugse namna i den nye regjeringa vil By at du skal sjå for deg eit stort hus til ein slektning.

– Gjer det no og bli med på eit tankeeksperiment. I bokhylla i stova stikk det ut ei rød isøks. Prøv å sjå det for deg sjølv om det høyrest rart ut.

Høy i medisinskapet

I medisinskapet, eller skapet på badet, er det fullt av høy. På barnerommet ligg det eit horn.

– Ser du det for deg? Ute i hagen ligg ein haug med lister. I badekaret finn du asparges, seier han.

I peisen, eller på varmeomnen, ser du ein stor tordivel. Så ser du ut vindauget og bort til naboen. Du ser at det brenner.

– På fjernsynet er ein stor hvitveis. I bøtta med papir til gjenvinning ligg ei kake-tine og Sunda-pålegg. På arbeidsrommet eller kontoret ligg ein ropert og ein Sony-Ericsson mobil. Ved alarmen heng ei innerlomme.

Olsen-banden solar seg

Ketil Solvik Olsen

OLSEN-BANDEN SOLAR SEG I GARASJEN: Samferdsleminister Ketil Solvik Olsen

Foto: Linda Reinholdtsen

Så ser du for deg garasjen. Der står Olsen-banden og solar seg. I postkassa ligg Melange-margarin.

– Til slutt finn du Jan Tore Sanner i kommoden. Han er såpass kjent at det ikkje trengst assosiasjon til namnet, men kanskje du treng hjelp til å hugse departementet, seier han.

Torbjørn Røe Isaksen

RØD ISØKS I BOKHYLLA: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix
Bent Høie

HØY I MEDISINSKAPET: Helseminister Bent Høie

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix
Solveig Horne

HORN PÅ BARNEROMMET: Barne- og likestillingsminister Solveig Horne

Foto: Erik Waage / NRK
Sylvi Listhaug

HAUG MED LISTER I HAGEN: Landbruksminister Sylvi Listhaug

Foto: Tore Meek / SCANPIX
Elisabeth Aspaker

ASPARGES I BADEKARET: Fiskeriminister Elisabeth Aspaker

Foto: Høyre
Olje- og energiminister Tord Lien

TORDIVEL I PEISEN: Olje- og energiminister Tord Lien

Foto: NRK
Tine Sundtoft

KAKE-TINE OG SUNDA PÅ SØPPELDUNKEN: Miljøvernminister Tine Sundtoft

Foto: Odd Rømteland / NRK

Her er «løysinga»

Oddbjørn By har lært vekk tilsvarande teknikkar i fleire år. No skal han ta runden i huset ein gong til medan han fortel kva ministeren heiter og kva departement han eller ho er ansvarleg for.

– Eg tykkjer det held å hugse etternamnet. Det er uansett godt gjort om du hugsar etternamn og departement, seier han.

– La oss starte med bokhylla med den røde isøksa. Kunnskapsministeren heiter altså Røe Isaksen.

I medisinskapet skulle du sjå for deg høy. Dette er for å hugse at helseministeren heiter Høie. På barnerommet ligg hornet og dette er for å hugse at barne- og familieministeren heiter Horne.

Asparges = Aspaker

Så går turen vidare til hagen der du skulle sjå for deg ein haug med lister.

– Då hugsar du at Listhaug er landbruksminister. Badekaret er fullt av asparges, så fiskeriministeren heiter Aspaker. I peisen er ein stor tordivel, altså Tord Lien som er olje- og energiminister. Hos naboen brenn det, dette er knaggen for å hugse at utanriksministeren heiter Brende.

Den store hvitveisen på fjernsynet skal hjelpe deg å hugse at kultur- og kyrkjeministeren heiter Thorhild Widvey.

– Når du seier stor hvitveis så kan det høyrest ut som Thorhild Widvey og fjernsyn passar fint som kultur. På bøtta for papirgjenvinning ser du kake-tine og Sunda-pålegg. Det vil seie at miljøvernministeren heiter Tine Sundtoft.

Kommunalminister i kommoden

Ein ropert og Sony-Ericsson på arbeidsrommet skal hjelpe deg til å vite at Robert Eriksson er arbeidsminister.

– Alarmen er for å forsvare huset, og innerlomme starter med de same bokstavane som Ine Eriksen Søreide. Så skulle du sjå for deg at Olsen-banden står og soler seg i garasjen. Her tenkjer du samferdsle og statsråden her er Solvik-Olsen.

Både postkassa og melange er næring, og næringsministeren heiter Meland. Jan Tore Sanner måtte du berre hugse namnet på og han fann du i kommoden. Altså er han kommunalminister.

– Når det gjeld justisminister Anders Anundsen så er han så vanskeleg å lage regel på at han må vi berre hugse.

By meiner alle oppegåande nordmenn hugsar at Erna Solberg er statsminister og at Siv Jensen er finansminister.

– Det vanskelege er å huske mindre kjente statsrådar som har fått mindre departement, seier By.

Ikkje alltid du bør fortelje korleis du hugsar

Han tilrår at du tenkjer gjennom denne historia nokre gonger dei neste vekene for å halde den vedlike.

– Det er kanskje ein politisk ukorrekt måte å hugse namn på, men det fungerer. Det gjeld både statsrådnamn og andre. Men hugs; det er ikkje alltid du bør fortelje folk korleis du hugsar namn, ler han.

– Fungerer denne teknikken på folk flest?

– Ja, det gjer den, men enkelte treng meir tid enn andre å få tak på det. Jenter er ofte flinkast i starten fordi dei tenkjer meir visuelt. Dei aller fleste får det til så lenge dei ser for seg noko, men enkelte har behov for å skape bevegelse i bileta dei lagar i hovudet sitt, seier han.

Her er oversikta over alle statsrådane med fullt namn og statsrådspost

  • Statsminister Erna Solberg (H)
  • Finansminister Siv Jensen (Frp)
  • Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H)
  • Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp)
  • Utanriksminister Børge Brende (H)
  • Kultur- og kyrkjeminister Thorhild Widvey (H)
  • Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H)
  • Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft (H)
  • Næringsminister Monica Mæland (H)
  • Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp)
  • Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H)
  • Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp)
  • Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp)
  • Olje- og energiminister Tord Lien (Frp)
  • Forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide (H)
  • Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp)
  • Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)
  • Vidar Helgesen (H) er statsråd ved Statsministerens kontor og har ansvar for samordning av arbeidet med EØS-saker og forholdet til EU