Hopp til innhold

Slik herja dei saman for 15 år sidan også...

FØRDE (NRK): 15 år etter dei legendariske glansdagane i Sogndal, er Torbjørn Glomnes og Alexander Ødegaard igjen på same lag – klare for ny suksess.

Torbjørn Glomnes og Alexander Ødegaard (montasje)

SAMAN IGJEN: Torbjørn Glomnes (t.v.) er ny trenar i Førde, og får igjen Alexander Ødegaard på laget. Dei håpar å vise fram angrepsfotball som i Sogndal-tida.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det triggar meg enormt å kjenne lukta av sagmugg igjen, seier Torbjørn Glomnes.

Han er for første gong sidan tida i Sogndal tilbake som hovudtrenar, no for Førde i 2. divisjon. Der har han lyst til å skape eit nytt vinnarlag.

– Eg håpar vi skal sjå att ein del av spelestilen frå Sogndal den gongen. Vi ønskjer å ha ballen meir enn vi tidlegare har hatt i Førde, og vi vil at motstandaren skal slite litt for å få tak i den, seier Glomnes.

– Er nesten eit heilt tenåringsliv sidan

Vi skrur tida tilbake 15 år. Torbjørn Glomnes er trenar for Sogndal og rykkjer opp til eliteserien med eit purungt lag. Mange er skeptiske, og meiner det er for tidleg. Men det unge laget blir yndlingar, og Sogndal gjer ein av sine beste sesongar i eliteserien med namn som Tommy Øren, Anders Stadheim og Alexander Ødegaard.

I åra etter har Glomnes vore spelarutviklar i Sogndal og Førde. Ødegaard har på si side spelt for klubbar som Rosenborg og Viking. Og han har vore proff i Frankrike.

Alexander Ødegaard og Torbjørn Glomnes

KLARE: Alexander Ødegaard (t.v.) og Torbjørn Glomnes siktar mot ein plass midt på tabellen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har mange fine minne frå tida i Sogndal. Vi rykte opp på første forsøk med Torbjørn, og det var ei ufatteleg fin oppleving. Året etter hadde vi ein stor sesong med 80-årgangen og andre gode generasjonar, seier Ødegaard.

– Er det litt spesielt å ha Glomnes som trenar igjen etter så mange år?

– Eg tenkjer ikkje slik, sjølv om det er nesten eit heilt tenåringsliv sidan. Men det er kjekt, seier han.

Er ein nøkkelspelar både på og utanfor bana

Også trenaren har mange gode minne frå tida i Sogndal. Han trur mange kan komme til å nikke attkjennande til spelet til Førde denne sesongen.

– Alderssamansetjinga liknar veldig på den gongen. Vi hadde mange kalvar og nokre få leiarar – og det viste seg å vere god kombinasjon.

– Kva med ballbesittelse og offensiv spelestil – får vi sjå det igjen?

– Ja, det håpar eg folk skal kunne sjå. Vi har jobbe ein del med det, seier Glomnes.

– Kva rolle har Alexander Ødegaard i dette laget?

– For 15 år sidan var han ein ung spelar, som nesten var umogleg å stoppe. No har han i tillegg fått veldig tyngde i form av at han er ein tenkande spear. Han har erfart mykje, og har mykje å tilføre dei unge spelarane. Så Alex er ein nøkkelspelar både på og utanfor bana for oss, seier Glomnes.

Alexander Ødegaard med ballen på trening

OFFENSIV: Alexander Ødegaard blir ein nøkkelspelar både på og utanfor bana for Førde denne sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sterk avdeling med store klubbar

Førde er saman med Florø dei to laga frå Sogn og Fjordane i årets 2. divisjon. Kvittrøyene har levert varierande prestasjonar i treningskampane, men har hatt ein stigande kurve den siste tida. Uavgjort mot Fyllingsdalen og 3–1 over Fana har gitt optimisme i klubben.

– Eg synest det ser veldig bra ut. Eg har nesten alle spelarane intakte, og kan velje frå øvste hylle. Det er veldig bra, seier trenaren.

Førde har som mål å hevde seg på øvste halvdel av tabellen i det som ser ut som ei svært sterk avdeling. Blant favorittane er kjende lag som HamKam og Kongsvinger. Her er også andrelaga til Aalesund og Molde.

– Eg trur det blir ei veldig jamn avdeling, med små avstandar mellom topp og botn. Nokre klubbar har store budsjett, men vi skal vere med og slåst med desse.

– Opprykk er ikkje veldig realistisk...?

– Eg plar seie at det einaste opprykket eg manglar er frå nivå to til nivå éin. Så med tid og stunder kanskje vi kan få tak i det også...

Torbjørn Glomnes

TRIGGA: Torbjørn Glomnes kjenner det er godt å vere tilbake som hovudtrenar.

Foto: Rune Fossum / NRK