Hopp til innhold

Slik har du aldri sett Ulriksbanen

Er du klar for ein tur med Ulriksbanen att? Etter eit halvanna år med oppussing er gondolbana endeleg klar for opning den 9. oktober.

Ulriksbanen har fått nye vogner og vi blir med turen opp.

ULRIKSBANEN: Den kjende gondolbana som går opp til Ulriken har blitt pussa opp.

Frå laurdag av kan du transporterast til 607 meter over havet på berre litt over tre minutt.

Den nye bana er dobbelt så rask som den gamle, og ikkje nok med det. Farten kan justerast.

– Vi har moglegheit til å justere farten alt etter kor mange som står i kø, og kor raskt vi vil ha folk opp. Det er også kjekt å kunne køyre litt saktare når vi kan, slik at folk kan nyte utsikta, seier dagleg leiar i Ulriken 643, Amanda Haugland.

Amanda Haugland, dagleg leiar i Ulriken 643.

NØGD: Dagleg leiar i Ulriken 643, Amanda Haugland er nøgd med den nye gondolbana.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Farten og det at gondolane rommar 50 passasjerar kan eliminere køproblemet, ifølge Haugland.

Dei store mastene langs fjellsida har tidlegare blitt kritisert for å vere for store, men ifølge Haugland har det ei hensikt.

– Det folk klaga mest på før, var at dei måtte stå så lenge i kø, så det er fordi vi har bygd desse mastene at vi kan ha gondolar av denne storleiken.

Nye Ulriksbanen

TRE MINUTT: På litt over tre minutt kan du nå toppen av Bergen sitt høgste fjell.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Restaurantdrift året rundt

Den splitter nye gondolbana toler vindkast på 80 kilometer i timen. Det tilsvarer over 22 sekundmeter, altså liten storm. Dermed kan restauranten på toppen av Ulriken halde ope heile året.

– Det er gledeleg at vi no kan ha julebordsesong, seier Haugland.

Då NRK var på besøk på torsdag, var det lite som tyda på at den nybygde restauranten var klar til den komande opninga på laurdag.

Det ser ikkje ut til at de blir klare til då?

– Jo, det blir vi. No er det alle mann til pumpene, ler eigar og styreleiar i Ulriken 643, Christian Foss.

Eigar i Ulriken 643, Christian Foss.

SISTE INNSPURT: Det står att ein del arbeid før opninga på laurdag, men eigar Christian Foss er viss på at det skal gå.

Foto: Leif Rune Løland / NRK