Hopp til innhold

Slik gav han brubygginga eit ansikt

Fotograf David Zadig måtte ta litt utradisjonelle lokkemiddel i bruk, men han kom i mål. 7000 bilete seinare har han greidd å gje bygginga av Dalsfjordbrua eit ansikt.

David Zadig har teke 7000 bilete av dalsfjordbrubygginga.

FOTOKUNST: Fotograf David Zadig har gitt bygginga av Dalsfjordbrua eit ansikt gjennom dette fotoprosjektet. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke.

Den amerikanske fotografen viser oss stolt rundt i utstillingslokala på Dale senter. Her er veggane fylte av store bilete frå bygginga av den etterlengta Dalsfjordbrua.

Fotokunst

EIT ANSIKT: Menneska bak bygginga var det fotografen hadde i fokus.

Foto: David Zadig

Men det er ikkje maskinene og stålet som har fascinert David Zadig, det er menneska. Alle dei som har lagt ned arbeid for å få på plass brua.

– Ideen var at dei skulle komme til meg etter jobb, med skitne klede og litt utstyr, og så skulle vi ta bilete, forklarar Zadig.

Menneska i fokus

Ideen om å ta bilete av menneska bak brubygginga, kom då det gamle meieriet i Dale vart rive.

Zadig høyrde folk fortelje om alle som hadde vore med på å byggje meieriet, og andre hengde seg på og fortalde at deira slektningar hadde bygd andre bygg i kommunen.

Då bygginga av brua over Dalsfjorden starta opp var Zadig sikker i si sak, han skulle forevige byggeprosessen, og dei staute arbeidsfolka.

(Artikkelen held fram under)

Dalsfjordbrubygginga

UNDERVEGS: 2000 timar har fotografen David Zadig brukt på det spesielle fotoprosjektet.

Foto: David Zadig

Uvanleg lokkemiddel

Raskt fann han ut at mange av dei var utlendingar, nokre var frå Nederland, andre frå Slovakia og Indonesia.

Men dei var ikkje vonde å be. Med eit litt spesielt lokkemiddel fekk han dei til studio. Dei utanlandske arbeidarane meinte nemleg ølprisane i Norge var stive, og difor kjøpte fotografen alltid inn øl når dei kom.

Ein dag skulle det kome seks arbeidarar innom, men dei første tre drakk opp alt.

– Eg lærte at eg måtte ha meir øl tilgjengeleg, flirer han.

Har brukt 2000 timar

Fotografen David Zadig er frå Boston i USA, og er no busett i Dale. I løpet av byggjeperioden har David Zadig teke 7000 bilete av bygginga og menneska bak. 2000 arbeidstimar har gått med.

Fotoprosjektet er støtta med 50.000 kroner frå kommunen, 12.000 kroner frå NCC og 5000 kroner frå K.A. Aurstad Transport.

67 av bileta frå byggetida kan no du sjå i utstillingslokala på Dale senter, der dei blir ståande til slutten av januar.

Fotokunst av bilete teke når då dei bygde Dalsfjordbrua

SJÅ BILETA: Dette er nokre av dei 67 bileta som er på utstillinga i Dale. FOTO/REDIGERING: Heidi Lise Bakke.