Hopp til innhold

Slik går overgriparane fram på internett

– Dei oppsøker stadane og tenestene som barn brukar. Dei orienterar seg ofte raskt og tilpassar seg nye trendar og spel som blir populære. På den måten kan dei ta kontakt med barna der barna er, seier Ida Dahl Nilssen, kommunikassjonsjef i Kripos.

Kjellaug Tonheim Tønnesen

AKTIVE PÅ INTERNETT: – Det er viktig å etablere god kontakt med barn tidleg og vise interesse for det dei likar på nettet og spel. Som forelder bør ein vere på sidelinja og kanskje laste ned spela sjølve slik at ein har forståing for dei. Snakk med barnet om smarte val når det gjeld grenser for seg sjølve og andre. Dette kan gjerne repeterast ut frå modenheit, fortel Kjellaug Tonheim Tønnesen i Barnevakten.

Foto: Skjermdump Moviestarplanet/Barnevakten

Kripos får dagleg inn tips om overgriparar som nyttar seg av internett frå både inn – og utland.

– Vi ser ofte at dei opprettar kontakt i det opne spelet. Så prøvar dei å få barnet over i ein chatt der ingen andre ser kva som går føre seg, fortel Ida Dahl Nilssen.

Ofte gir dei seg ut overgriparane seg for å vere barn sjølve. På den måten skapar dei tillit.

I går blei det kjend at ein 11 år gamal gut frå Sogn blei utsett for overgrep på ein chattekanal. Ein 19-åring frå Storbritannia er arrestert og sikta i saka.

Barn er nysgjerrige

Foreldre kjøper vaksenspel til barna

HA GOD KONTAKT: Eit viktig råd til barn er å ikkje opprette ein-til-ein kontakt med folk ein kun kjenner frå nett og i spel. Direkte kontakt for eksempel på Snapchat eller Skype bør være kun med folk barnet kjenner "på ekte", seier Kjellaug Tonheim Tønnesen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Kjellaug Tonheim Tønnesen er rådgjevar i Barnevakten. Dette er ein organisasjon som jobbar med barn og mediebruk.

– Barn og unge er veldig aktive på nett og i spel. Dei har mange mogelegheiter og har skjermane tett på kroppen gjennom til dømes smarttelefonar. Ekstremt mykje innhald iform av spel og sosiale medier er tilgjengelege for barn, fortel ho.

Men mellom alt det som er kjekt, kan ein vaksen som ikkje har gode hensikter dukke opp.

– Det er kjempetrist og provoserande. Men vi må ha det i bakhovudet og bevisstgjere barna på nokre konkrete og viktige val, seier Tønnesen.

Der ingen andre ser

Mange spel som er berekna for barn har moderatorar som passar på. Derfor vil overgriparar prøve å få barnet på tomannshand der ingen andre har oversikt.

Ida Dahl Nilssen

TA BARN PÅ ALVOR: I overgrepssaker mot barn på nett er det viktig å sikre bevis og ta kontakt med det lokale politiet. – Rask handling er ofte nøkkelen til at ein klarar å arrestere overgriparen raskt, seier Ida Dahl Nilssen, kommunikassjonsjef i Kripos.

Har ein voksen med dårlege hensikter først fått tilliten frå eit barn kan det gå gale.

– Dei kan presse eller true barnet til å sende meir. Dei kan kome med pengekrav eller true med å spreie bilda på nettet. Dette er kanskje det største marerittet for eit barn, fortel Ida Dahl Nilssen.

Snakk med barna

Kjellaug Tonheim Tønnesen i Barnevakten seier det er viktig å ha ein god kommunikasjon med barna. Dei må tørre å gå til foreldra utan at dei vaksne får panikk.

– Snakk om grenser og kva som er ok å gjere. Dette om å kle av seg, dele bilete, filmar og gjere live-stream. Nokre kan utnytte det, dele det vidare eller til og med tene pengar på det.

Det er viktig at barnet ikkje føler skyld dersom noko har skjedd, og at det forstår at det ikkje er greitt at nokon verken smiskar eller truar for å få viljen sin.. Det er viktig at barn sjølve har rutine på å ta skjermbilete dei ikkje synast er greitt og kunne vise det til foreldra eller andre dei stolar på, slår Tønnesen fast.

Ta vare på bevis

Barn kan bli traumatiserte sjølv om noko skjer via ein skjerm. Dersom noko ikkje er greitt må foreldre handle raskt.

Både Tønnesen og Dahl meiner ein må passe på å sikre bevismaterial. Foreldre må vere snare med å ta screenshot og skjermdumpar.