– Noko av det viktigaste ein kan gjere er å berre kome seg ut på tur i all slags ver. Då kan du lære meir om kva du skal sjå etter for kjenne att eit skred, og du kan få oppleve den gode kjensla det er å gå ein trygg topptur.
Det seier leiar i Sogn og Fjordane Turlag Marino Ask. I tillegg tykkjer han det er lurt å gå på kurs for å lære meir om skredfare, og så gjeld det å vere riktig utstyrt.
– Det er viktig at ein har det tekniske utstyret på plass, i tilfelle ein er så uheldig at ein kjem ut for eit snøskred.
Og i tillegg til å vere godt kledd og utstyrt for ein tur i vinterfjellet, tilrår turlagsleiaren å med seg dette i tursekken:
- Ein god spade
- Søkestong
- Vindsekk
- Ein sender og mottakar
Tenk over kor du går
I tillegg til å pakke sekken riktig, seier Ask at ein må tenkje gjennom dei vala ein tek når ein går topptur.
– Noko av det viktigaste er å vere førebudd på den måten at ein har tenkt gjennom kor turen skal gå, og om alle i gruppa evner å gå den turen. Også må ein tenkje over korleis snøforholda er, seier Ask.
Moderat skredfare dei fleste plassar
Når det gjeld snøforhold og skredfare nett no, er det skredfare på nivå 2 nesten over heile landet. Det vil seie at det er moderat snøskredfare, som stort sett vil seie at ein trygg om ein ikkje går altfor bratt.
Det har nemleg vore mildt mange stader, og nysnøen som kom i går har fått stabilisere seg. Ask meiner likevel ein bør vere litt på vakt.
– Mange er kanskje på tur i nye turområde no i påska. Då er det lurt å sjå etter skred som kan ha gått nyleg. Om du ser mykje vindtransportert snø eller høyrer drønn i snøen må du passe særleg på.