Hopp til innhold

Slik førebur du deg best på ekstremvêret "Tor"

Styresmaktene oppmodar alle som kan bli råka av orkanen "Tor" som er på veg mot kysten om å førebu seg og følgje dei råda som blir gitt.

Det blåste friskt i Bodø sentrum lørdag formiddag

VER FORSIKTIG: Styresmaktene ber folk halde seg inne når 'Tor' råkar hardast.

Foto: Larsen, Marius Helge / NTB scanpix

Det er sendt ut varsel om ekstremvêr i ni fylke frå Rogaland i sør til Nord-Trøndelag i nord, samt innlandsfylka i Sør-Norge.

Direktoratet for samfunnstryggleik- og beredskap (DSB), politiet og andre naudetatar gir klare råd om kva du bør gjere for å trygge deg sjølv.

  • Bind fast alle lause gjenstandar

Alt av lause gjenstandar som kan bli tekne av vinden må sikrast, oppmodar DSB. Det gjeld til dømes rammer for trampolinar, campingvogner, materialar og anna som vanlegvis ligg laust. Flytt bilar og anna mest mogleg i ly for vinden.

  • Sjekk takrenner og avløp

Du har sjølv ansvar for å sørge for at takrenner og avløp på di eiga tomt er reinska og klar til å møte vind og store nedbørsmengder. Kontakt kommunen din om du er usikker.

Både politi og DSB seier klart og tydeleg at ingen bør gå ut på strendene, eller bevege seg i område der vinden blir sterkast. Hald deg innandørs om det blir for ille!

  • Følg med på reiseinformasjon

Det er venta store problem i flytrafikken, og fleire reiarlag melder om endringar i båtruter fleire stader. På avinor.no og flyselskapa sine heimesider vil det kome oppdatert informasjon.

NVE har via varsom.no sendt ut varsel om stor skredfare fleire stadar i landet, og ber folk vere varsame med å leggje ut på skiturar eller andre fjellturar i dag