Hopp til innhold

Slik får du bilen vårklar etter påsketuren

Vintersalta vegar, smuss og søle. Vil du unngå rustangrep, kan det vere lurt å ta ein ordentleg vårvask på bilen.

– No når det blir vår og sommar pleier eg å vaske ein bil om dagen, seier Ivar Standnes.

16-åringen frå Dale i Sunnfjord driv sitt eige bilpleiefirma. Han merkar at våren står for døra, og at folk ønsker å få stell på bilen.

– Det er viktig å vere forsiktig og nøye, tipsar den unge bilpleiaren.

Rekordmange nordmenn reiste på påskeferie i år. Dei fleste planla for å nyte sola på hytteferie.

Men det kan fort by på nokre mil, både opp og ned frå fjellet.

Slik er ekspertane sine råd når den siste vintersøla skal vaskast vekk:

1. Få bort saltet

– Etter vinteren ligg det mykje salt på og under bilen. Saltet begynner å ruste så snart det blir varmare i lufta, seier Stein Kjetil Holvi, dagleg leiar i Bilpleiehallen i Førde.

Køyrer du lenge med rustpartiklar på lakken, vil dei lage hol i lakken og tære på bilen.

Ifølge Øyvind Dvergsdal, senterleiar i NAF Førde kan ein klare å fjerne det meste av saltet sjølv. Då treng ein ordentleg reinsemiddel og underspyling, som i ein vaskehall.

– Det er ikkje i tvil om at vi ser lakkskadar som kunne vore unngått dersom saltet hadde blitt fjerna, seier Dvergsdal.

2. Ta ein grundig utanpåvask

Gjennom vinteren har det lagt seg olje, feitt, tjære og asfalt på bilen. Her er avfetting din ven.

Spray på og la det virke litt før du spyler av vinterens herjingar med bilsåpe.

For å få vekk små rustpartiklar som har sete seg i lakken gjennom vinteren, kan du bruke eigne middel som ikkje skadar lakken.

Dersom du har tilgang på varmt vatn, gir det enno betre effekt når du vaskar. Gå over bilen med ein mjuk svamp. Hugs å vaske døropningane.

Bilen må tørke skikkeleg anten inne eller ute i vårsola før du kan gå laus med polervoks.

Avfettingsmiddel og asfaltrens gjer ein god jobb med å gjere bilen rein, men beskyttar ikkje lakken.

Utvalet av bilvoks er omtrent like stort som bilutvalet. Ein for å fjerne riper, ein annan for å forsegle lakken. Sjekk at det du bruker passar til formålet.

2. Sjå etter fukt inni bilen

Innsida av bilen treng og litt stell. Her bør du ta ut alle gummimatter og sjekke at det er tørt på golvet.

Dersom det er vått bør du finne ut om det er lekkasje eller snø som du har tatt med deg inn gjennom vinteren.

– Tørk bilen skikkeleg, slik at du unngår fukt. Fukt lagar sopp og mugg, seier Holvik.

Du bør også støvsuge og vaske bilen og innvending. Det gjeld også glasrutene, legg han til.

Øyvind Dvergsdal demontreserer dekkskift

VIKTIG VASK: – Vi har nett lagt bak oss ein vinter med bruk av salt på vegen. Då er det viktig med ein skikkeleg vårreingjering av bilen, seier Øyvind Dvergsdal.

Foto: Tale Høyem / NRK

3. Vent med dekkskifte

For piggdekk er fristen for å legge om til sommardekk 1. april eller første søndagen etter 2. påskedag i Sør-Noreg. Dersom du bur i Nordland eller Troms og Finnmark kan du dryge til 1. mai.

Men hugs: Du er ansvarleg for at bilen er skodd etter føre. Skal du opp i høgda, eller bur i eit område der vinteren ikkje har sleppt taket, bør du vente med å skifte dekk.

Dvergsdal rådar kundane sine med å vente til eit godt stykke uti april.

Køyrer du piggfritt, gjeld ingen spesiell dato. Vent til du er trygg på at vinteren er forbi, men ikkje vent for lenge.

Piggfrie vinterdekk gir ikkje like godt veggrep no når vêret vert mildare.