Hopp til innhold

Slik får Rønnaug sjuke til å ete

Kvar tredje pasient ved norske sjukehus er underernært. No har Helse Førde tilsett ein kostrådgjevar, og fått matlysten tilbake hos kreftsjuke Mona Sårheim.

Rønnaug Birkeland Flaten pg pasient Mona Sårheim

FEKK MATLYST: Rønnaug Birkeland Flaten (t.v.) sørga for at Mona Sårheim fekk tilbake matlysta.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Når ho kjem med dei frukttallerkenane, eller vinglas med smoothie. Det gler eg meg til kvar gong.

Rønnaug Birkeland Flaten veit alt om kva Mona Sårheim likar og ikkje likar av mat.

Kostrådgjevaren har fått ei unik stilling i Helse Førde. Ei stilling som knapt finst ved andre norske sjukehus, og som først vart omtalt av Firda.

Ho lagar spesielt tilpassa rettar for alvorleg sjuke pasientar på kreftavdelinga og medisinsk avdeling.

Rønnaug har tilgang til eit lite kjøkken som ligg i nærleiken av avdelingane. På den måten kan ho jobbe tettare på pasientane.

Rønnaug Birkeland Flaten

LITE KJØKKEN: Rønnaug lagar maten rett ved kjøkkenet på kreftavdelinga. Dermed er vegen kort til pasientane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Fortvilande for pasienten

I 2019 viste tal frå Helsedirektoratet at 47,8 prosent av bebuarar på sjukeheim i alderen 67 år og eldre hadde blitt vurdert for ernæringsmessig risiko i løpet av dei siste 12 månadene.

– For pasientane er det fortvilande. Dei seier at dei har vore så glad i mat, men no har dei ikkje lyst på noko, seier Flaten.

Mona Sårheim opplevde akkurat dette då ho fekk kreft i mai i fjor. I fleire månader hadde ho null matlyst.

– Men så kom Rønnaug. Det var ikkje tvang eller noko, ho kom berre med forslag og spurte kva eg likte. Eg kunne få ein kvart middagsporsjon om eg ville, og så såg det veldig godt ut. No har eg ikkje problem lenger.

Rønnaug Birkeland Flaten og pasient Mona Sårheim

MANGE SAMTALAR: I starten då Mona Sårheim var mest kvalm, servert Rønnaug henne litt enkel frukt for å få smakssansen i gong.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Noko av det viktigaste er at maten skal sjå god og delikat ut. Ho har fleire tips som ho delar med andre (sjå bileteserie).

Jordbær-smoothie

Jordbær-smoothie. Næringsrikt og fofriskande mellommåltid. (Alle bilete: Rønnaug Birkeland Flaten)

Blåbær

Blåbær. Rik på antioksidantar og stoppande. Kan vere bra for pasientar med laus mage.

Fleskepannekaker

Fleskepannekaker med rømme og syltetøy når matlysta er borte.

Youghurt med mandlar og rosiner

Laktosefri youghurt, tilsett frukt. Toppa med rista mandlar.

Brokkolisuppe

Laktosefri, lettfordøyeleg og smakfull brokkolisuppe. Kan egne seg for pasientar med svelgvanskar grunna sår og slim i svelg.

Solskinnsdrikk

Solskinnsdrikk er ei proteinbombe. Kan egne seg for pasientar som har tapt mykje protein gjennom behandling og infeksjonar.

Rista brød og sylte

Når brødskiva veks i munnen, kan rista loff med friskt syltetøy smake.

Gulrotsuppe

Gulrotsuppe. Laktosefri, lettfordøyeleg og smakfull. Er stoppande, mild og fin ved sår og svelgvanskar.

Diverse finmaska kost (potetmos)

Pasientar som har fått slag, har svelgvanskar eller har dårleg tannstatus treng ofte finmosa kost.

Diverse melon

Frukttallerken som er laga på ein delikat måte kan iblant vere det som får i gong matsystemet.

Mange underernærte

Kvar tredje pasient ved norske sjukehus er underernært eller er i risiko for underernæring, viser ein rapport frå Ernæringsrådet som kom i 2017.

Randi Tangvik er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen. Ho var med å lage rapporten.

– Særleg utsett er gamle, dei som har kronisk sjukdom, infeksjon, kreft og dei som skal leggast inn for store operasjonar. Men også yngre kan slite med underernæring når til dømes sjukehusopphaldet blir lenger enn planlagd, seier ho.

Som eit eksempel nemner ho cellegiftbehandling. Ho seier det er særs krevjande å gjennomføre slik type behandling til ein pasient som er underernært.

I rapporten blir det understreka at mattilbodet ikkje er tilstrekkeleg tilpassa behova til pasienten. I tillegg er det mangelfull kunnskap blant helsepersonell.

– Det er kjempekrevjande å gi nok ernæring og riktig ernæring til pasientar som har så ulike behov. Pasientane strevar med inntaket sitt, dei har endra smak og lukt, har sår i munn, fordøyingsproblem og ulike preferansar på kva som er god mat.

I tillegg viser andre undersøkingar at det er store variasjonar mellom fylka når det gjeld oppfølging av bebuarar på sjukeheimar.

Tips til pårørande

I Helse Førde har Rønnaug Flaten bakgrunn som institusjonskokk, men gjennom ulike ernæringsprosjekt har ho fått stadig større ansvar i å følge opp sjuke pasientar.

Rønnaug Birkeland Flaten

MINDRE PRESS: Rønnaug ber pårørande unngå å mase for mykje om at pasienten må ete. Det kan i fleire tilfelle ha motsett effekt.

Foto: Håvard Heggen / NRK

I tillegg følger ho opp pårørande, som ofte er usikre på korleis maten skal lagast når pasienten er heime.

Ho meiner det kan vere lurt å vere fleksibel på når maten skal serverast.

– Eg serverar når pasienten har lyst å ete. Det er ikkje alltid han vil ha frukosten mellom 08 og 0830. Kanskje vil han ha frukost klokka 11.

Eit problem som går igjen er at mange lagar for store porsjonar.

– Pasientane sjølv seier at dei ofte blir pusha. Dei kjem heim og får høyre at «no må du ete», samstundes som dei ikkje har lyst på mat. Mitt råd er å ta det gradvis i ein periode, og så auke porsjonane etter kvart.

Ferskpressa appelsinjuice

FERSKPRESSA APPELSIN: Alvorleg sjuke pasientar kan oppleve smaksendring, at alt smakar metall. Då kan ferskpressa appelsin vere det som får smakssansane i gong.

Foto: Rønnaug Ann Birkeland Flaten