Hopp til innhold

Kva gjer du når lammet ikkje klarar å gå? Spjelkar det med dorull og gaffatape, vel...

Kvart år kjem det lam til verda som av ein eller annan grunn ikkje klarar å føte seg. Mange bønder vel å kvitte seg med lamma, men på garden til Svein Hønsi har dei funne råd. For lenge sidan.

Slik spjelkar dei lam

PÅ STIVE BEIN: Med spjelkinga på, stavrar lammet seg av garde i lag med dei andre. Loek Laumans med lammet rett etter at bandasjen var ferdig.

Foto: privat

– Dette har vi drive med lenge. Eg trur pappa tok til med det på 1970-talet, fortel Hønsi, som driv gard i Vik.

Med 50 vinterfôra sauer på fjøsen er han straks ferdig med årets travlaste tid, nemleg lamminga. Nokon kallar det årets vakraste eventyr.

Men med nyfødde lam kjem det også arbeid av ymse slag. Og verst er det når lamma av ein eller annan grunn ikkje er friske.

– Vi vil jo helst at dyra skal trivast og ha det bra, seier Hønsi.

Ledda er for svake

Nøyaktig kva som gjer det, er ikkje Hønsi sikker på, men omtrent kvart einaste år kjem det eitt eller to lam til verda som ikkje klarar å gå på beina rett etter fødselen.

– Det er på ein måte ledda deira som er for svake, og viss ein ikkje hjelper dei på eitt eller anna vis, så vert dei til slutt gåande på knea. Og det går ikkje. Då er det berre éin ting å gjere, men det vil vi jo helst ikkje, seier Hønsi.

Men lamma som kjem til verda på Hønsi treng ikkje frykte for livet sjølv om beina ikkje vil bere dei dei første dagane i livet. For her veit dei råd. Her har dei ein metode som dei har nytta sidan 70-talet, og som fungerer aldeles utmerka.

– Vi legg først remser med bomull inst mot lammebeinet. Så kløyver vi ein dorull, og legg denne rundt. Så surrar vi det heile med gaffatape. Men det er viktig å ikkje surre for hardt, men ikkje for laust heller, fortel Hønsi.

(Artikkelen held fram under biletet)

I flokken

HEILE GJENGEN: Den vesle krabaten held fint følgje med både mor og sysken.

Foto: privat

Uklart kva som er årsaka

Kona hans, Loek Laumans, er dyrlege og ho har vidareutvikla metoden litt etter at ho kom til gards.

– Før var det eg som stod for bandasjeringa, men sidan ho er dyrlege, har ho teke over. Ho er litt flinkare enn meg til slik bandasjering, humrar Hønsi.

Spjelking

EIN AV KVAR: Både gaffatape og maskeringstape gjer nytta.

Foto: privat

Laumans vil ikkje ta for mykje ære, men meiner at ho har vidareutvikla spjelkinga litt, til beste for lamma.

Men kva som er årsaka til at lamma kjem til verda og er litt for svake, anten i ankelleddet eller kneleddet, til å stå, er ho ikkje sikker på.

– Eg trur kanskje det er arveleg, men sikker er eg ikkje, seier Laumans.

Hønsi funderer litt på om det også kan ha med næring i svangerskapet å gjere.

– Kanskje har det med vitamin å gjere. Det skjer med jamne mellomrom. I år har vi to lam, seier Hønsi.

(Artikkelen held fram under biletet)

Loek og lammet

FIKS FERDIG: Med spjelking på begge frambeina er det vesle lammet klart til eventyr i fjøsen. Loek Laumans har stått for bandasjeringa.

Foto: privat

Har redda livet til mange lam

Sidan faren hans tok til med spjelkemetoden har nok eit tosifra tal lam fått leve opp, mange av dei til vaksen alder, i staden for å ende livet som nyfødd.

– Det har redda mange her hjå oss, ja, seier Hønsi.

For det er forsvinnande lite som skal til. Får lamma hjelp dei første dagane, så er dei spreke og førlege etter ei lita veke.

– Dei stabbar av garde så snart dei er spjelka. Når vi så fjernar bandasjen etter ei lita veke, er dei nett som alle andre. Det er flott å sjå, og det er kjekt at ei slik enkel løysing betyr så mykje, seier Hønsi.

Laumans peikar på at det ofte ikkje er det mest avanserte som fungerer best.

– Nokon gonger er dei beste løysingane både enkle og provisoriske, seier Laumans, og legg til at behandlinga mest er som fysioterapi å rekne.

– Når vi spjelkar beina slik, får dei hjelp til å utvikle musklar til å rette ut beinet sjølve. Etter ei veke spring dei rundt, like spretne som alle dei andre, seier Laumans.

Hopp og sprett

SNART FERDIG: Denne vesle krabaten blir kvitt spjelkinga til helga, og då er det fritt fram for hopp og sprett med syskena.

Foto: privat