Hopp til innhold

Slik er stoda på vegane

Også i dag skaper uvêret problem på fleire vegstrekningar.

Kart Sogn og Fjordane

– Ferjestrekka Leirvåg–Sløvåg i Gulen går no som normalt igjen etter å ha vore innstilt på grunn av vind. Det seier Arne Stadheim ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

– Også ferjestrekninga Måløy – Oldeide er no i rute igjen.

Men vegen mellom Oldeide og Isane er framleis stengd på grunn av fare for ras. Her blir det gjort ny vurdering klokka 0900.

Fylkesveg 609 ved Heilevang strekninga mellom Askvoll og Førde er inn til vidare stengd på grunn av fare for ras.

Fylkesveg 57 Osen bru, på strekninga Storehaug – Dale er mellombels stengd på grunn av flaum.

På den positive sida så opna E16 mellom Tvinde og Vinje klokka 23:40 sundag for trafikk igjen etter å ha vore stengd på grunn av flaum. Det betyr at dei skal frå Sogn og Fjordane til Hordaland ikkje lenger tren køyre store omvegar.